Tilbakeslagssikring

TRYGGLEIK I VASSFORSYNINGA

BVA har samtalar med Mattilsynet og kommuneoverlege og held på å kartleggja kva tilbakeslagssikringar som er ute hos sluttbrukarane. Alle som eig ein eigedom og/eller er abonnent hos BVA er pliktig til å sørge for at tilbakestrømssikring er installert. Det gjeld alle typar bygg.

Og når me no kartlegg kva type sikringar som er i bruk, får me betre oversikt og veit kva eventuelle tiltak me må gjera for å sikra at vatnet er trygt og reint heile tida.

Kvifor må me ha tilbakeslagssikring?

BVA har eit godt drikkevatn. Det er me stolt av! Vatnet er vårt viktigaste næringsmiddel og mange av dei tinga me forvente i eit moderne samfunn er avhengig av eit godt og trygt vatn i tilstrekkelige mengder.

Vatnet følgjer fysiske lover. Om nokon legg ein vasslange i ei bøtte, og det blir eit plutseleg trykkfall kan vatnet bli dratt tilbake på vassleidningsnettet.

Det kan få merkelege konsekvensar, som då øl frå ein pub i Kristiansund kom ut i springen til naboen! Men det kan også bli langt meir alvorleg. Det mest alvorlege tilfellet me har hatt i Noreg er nok i 1978, då opp mot 150 menneske blei sjuke. Ein fabrikk pumpa elvevatn ut på kommunen sitt vassnett ved eit uhell. I 2007 blei avløpsvatn pumpa inn på vassnettet i Nokia i Finland, og 5000 menneske blei sjuke.

Kva må eg gjera?

Alle som må gjera tiltak får tilsendt eit brev. Det er berre snakk om å melda inn til oss kva type tilbakeslagssikring ein har. Og dersom ein ikkje har slik sikring, vil brevet vera ei god påminning om at ein er må få det innstallert snarast.

Interesserte kan lese Norsk Vann sitt informasjonshefte, lese i miljøblad/datablad, eller kontakta oss i BVA for å få meir informasjon. Me ønskjer å hjelpa deg, og svara på spørsmåla dine.

Rettsleg grunnlag

Både i sentrale og lokale forskrifter er forbod mot forureining av offentlig drikkevatn nemnt. Disse forskriftene er BVA pliktig til å fylje. I VA-norm Sunnhordland, vedtatt våren 2015, står det blant anna føljande:

«Alle vassinstallasjonar skal utførast slik at tilbakesug i, eller inntrenging av ureine væsker, stoff eller gassar ikkje kan skje.»

I Forskrift om vannforsyning og drikkevann (Drikkevannsforskrifta), gjort gjeldande frå 01.01.2017, står det i § 4:

«Det er forbudt å forurense drikkevann. Forbudet omfatter alle aktiviteter, fra vanntilsigsområdet til tappepunktene, som medfører fare for at drikkevannet blir forurenset. Med aktiviteter menes også friluftsliv og annen utøvelse av allemannsretten. Der det er fastsatt beskyttelsestiltak etter § 12 eller restriksjoner etter § 26, gjelder forbudet brudd på disse. I vanntilsigsområdene kan landbruksaktivitet foregå dersom det ikke forurenser drikkevannet eller medfører brudd på beskyttelsestiltak etter § 12 eller restriksjoner etter § 26.
Abonnentene skal ha egnet sikring mot tilbakestrømming i samsvar med kravene i plan- og bygningsloven og byggteknisk forskrift for å hindre at drikkevannet i distribusjonssystemet blir forurenset.»