Personvernerklæring BVA

Personvernerklæring Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS

Me i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS tar ditt personvern alvorleg og har derfor ei personvernerklæring. Her kan du lese korleis me handterer personopplysingar og korleis du kan komme i kontakt med oss.

Formålet med behandlinga av personopplysningar

Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS (heretter BVA) er ansvarleg for vassforsyning og avløpshandtering Bømlo kommune. For å kunne utføre tenestene og oppfylle vårt ansvar, registrerer og behandlar me enkelte personopplysningar. Dette er opplysningar som berre nyttast for å handtere ditt kundeforhold.

Personopplysningar

Nedanfor er ei kort skildring av typar personopplysningar som vert registrert og korleis dei vert handsama i ulike tilfelle:

E-post til BVA

Me lagrar opplysningar om deg når du sender oss e-post direkte.  Vår ekspedisjon tek imot e-post og tek stilling til om den skal journalførast eller ikkje, og vidaresender til rett mottakar. Både e-post og brev vert arkivert i vårt arkiv etter gjeldande lover og forskrifter.

Me gjer deg merksam på  at meldingar som blir sendt direkte som e-post, er ikkje kryptert i sendinga. Me oppmodar deg derfor om ikkje å senda teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysingar via e-post.

Elektroniske skjema og digitale tenester

Når du fyller ut digitale skjema eller nyttar deg av tenester kor du skal logge inn, vil dine personopplysningar (for eksempel namn eller telefonnummer) bli registrert av BVA. Informasjonen som blir sendt inn blir alltid handsama som fortruleg. Opplysningane vil vera tilgjengelege for saksbehandlarar i BVA, og vert nytta til det opphavlege formålet til saka.

Spørjeundersøkingar

Det hender me har brukarundersøkingar og det er dagleg leiar som er ansvarlege for desse. Det er analyseverktøyet surveygizmo.eu som vert nytta. Kvar undersøking har eigen dokumentasjon som forklarer kva informasjon som vert samla inn og kor lenge informasjonen blir oppbevart. Overordna funn vert lagra i vårt arkiv.

Innsamling av webstatistikk

Me hentar inn avidentifiserbare opplysningar om besøkande på bva.no. Det vil seie at opplysningane vert anonymisert, slik at me ikkje kan spore tilbake til kvar enkelt brukar. Formålet er å utarbeida statistikk som me brukar for å forbetra kvaliteten på nettsida vår og dei digitale tenestene våre. Som verktøy brukar me Google Analytics. Eksempel på kva statistikken gjer svar på er: kor mange som les dei ulike sidene våre, kva nettlesarar dei brukar, om du besøkjer sida med mobil eller PC, og korleis du kom til sida vår (t.d. frå lenkje på sosiale media, direkte innskriving av adresse eller via ein søkjemotor).

Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir lasta ned til din datamaskin når du vitjar ei nettside, slik som bva.no. Disse blir brukt for å gje deg ei betre brukaroppleving, og for å samla inn statistikk. Fleire detaljar om informasjonskapslar kan du lese om nedst.

Sikker nettstad

BVA brukar HTTPS for å sikre våre nettløysningar mot hacking. HTTPS gjer at kommunikasjonen skjer sikkert mellom nettlesaren i din datamaskin/mobile eining og serveren som driv nettstaden.

Lagring av opplysningar

Etter personopplysningsregelverket har me ansvar for å syte for at personopplysningane er tilstrekkelig sikra, og å ha rutinar som skal gje naudsynt tryggleik. Me sikrar at personopplysningane er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføre våre arbeidsoppgåver, for å gje best mogleg tenester.

Me har organisatoriske, tekniske rutinar og tiltak som skal sørge for at dine personopplysningar ikkje kjem på avveie. Opplysningane skal vera tilgjengelige ved behov, og ikkje verte endra utilsikta. Når det gjeld statistikkformål, brukar me standardinnstillingane til Google. Informasjonen vert lagra i maksimalt 26 månadar. Anna informasjon og korrespondanse vert lagra jamfør gjeldande lovverk.

Me utleverer ikkje personopplysningar til tredjepart utan samtykkje. I visse høve nyttas systemleverandør eller ekstern databehandlar til å behandla data på vegne av BVA, og en databehandlaravtalar regulerer da kva informasjon leverandørane har tilgang til og korleis den skal handsamast. Avtalane skal ivareta personopplysningslova og sikre at praksis for handsaming av personopplysningar er i tråd med regelverket.

Rett til innsyn, retting og sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å sjå opplysningane me har registrert om deg. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du be om å få opplysningane endra eller sletta. Me slettar eller anonymiserar opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom anna lovgjeving pålegg oss å oppbevare opplysningane. Til dømes kan dette gjelde rekneskapslova og arkivlova.

Behandlingsansvarleg og kontaktinformasjon

Dagleg leiar BVA er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontroll med omsyn til behandling av personopplysningar, og at avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Me etterstrevar til kvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern i Noreg. Nærare informasjon om personvernregelverket er tilgjengeleg på Datatilsynets nettsider, www.datatilsynet.no.

Dersom du har fleire spørsmål om vår behandling av personopplysningar kan du kontakte oss på:

Postadresse:               Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS, Pb 214, 5445 Bremnes

Besøksadresse:           Hollundsdalen 21

Tlf. dagtid (0715-1500): 53 42 88 40

Vakttelefon:                53 42 88 45

E-post:                        post@bva.no

Me vil oppdatere personvernerklæringa dersom det er endringar i vår behandling av personopplysningar eller endringar i personvernregelverket. Endra personvernerklæring vil i slike tilfelle bli publisert på www.bva.no.

Hollundsdalen 07.09.2018

 

Vassmålaravlesning! Trykk her

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close