Soga om vatn og avløp i Bømlo

Bømlo rådhus og BVA-mann

– Det var ei grundig vurdering internt i Bømlo kommune som førte til at BVA vart skipa, som eit aksjeselskap som var 100% eigd av kommunen. Dette fortalde Nils Kåre Nysæter då BVA runda ti år i 2013, ei organisering av VA-sektoren få andre kommunar i Norge har.

På leit etter beste løysing

Ei prosjektgruppe med folk frå teknisk etat, tillitsvalde og politikarar gjekk hausten 2001 grundig til verks og konkluderte med at beste løysinga for drift av VA-sektoren i Bømlo ville vera eit kommunalt eigd aksjeselskap. Det var god kontakt mellom gruppa og rådmannen og saksførelegget til politisk handsaming konkluderte på same vis. Kommunstyret fekk saka til handsaming før sommarferien 2002 og frå nyttår 2003 var BVA i gong.

Vasstette skott

Det nye selskapet for vatn og avløp tok ut drifta på dette området frå kommunen si tekniske driftsavdeling. Det gjorde at ein fekk «vasstette skott» slik at vass- og avløpsgebyr ikkje kunne subsidiera anna drifta i kommunen. Lova seier at vatn- og avløpstenester skal vera drivne etter sjølvkostprinsippet. Ved å skilje BVA ut som eige selskap fekk ein god kontroll over dette.

Kommunen og BVA

Det er ikkje alltid lett å sjå kven som har ansvar for kva, i ei slik deling. Bømlo kommune er forureiningsmynde. BVA skal bygga ut, drifta og vedlikehalda vatn- og avløpsanlegg i Bømlo kommune og andre oppgåver i tilknyting til dette. Som forureiningsmynde kan kommunen t.d. påleggja folk å knyta seg på offentleg avløp. Politikarane har likevel sett eit øvre tak for slik påkopling, i dag kan ein ta maks kr. 200.000,- inkludert mva. Kommunen rullerer og vedtek hovudplan for vatn og avløp kvart år, og vedtek storleiken på gebyra.

Best før, …..eller?

Frå midten av 60-talet vart det bygd mange private vassverk i Bømlo. Kommunen hjalp ofte til med prosjektering og bygging. Desse vassverka blei drivne av eldsjeler som gjorde ein stor innasts på dugnadsbasis. På 1990-talet kom drikkevassforskrifta. Den kom med så strenge krav til kvalitetssikring av produksjonsutstyr, leidningsnett og anna at vassverka måtte vurdera å tilsetja folk og i tillegg investera i kostesame tekniske installasjonar for vassreinsing.
Følgjene av dette blei at kommunen tok over stadig fleire vassverk utover 1990-talet, som så følgde med over til BVA . Etter kvart fekk ein ei samankopling av dei ulike vassverka og etablert dei tre vassbehandlingsanlegga (VBA) ved Hollundsvatnet, i Åreiddalen og på Vorland. Det var nok mange som var glade for å kunna gi ansvaret vidare!

Kvalitet og kompetanse

Ved å skilja VA-drifta ut frå den kommunale organisasjonen har ein kunna hatt fokus på vatn og avløp, heva og spissa kompetansen hos dei tilsette, og jobba med optimal drift av denne sektoren. Over tid viser målingar at BVA har redusert lekkasjar ned til 18% , auka kvaliteten og avgrensa brot på vassforsyninga, alle tre blandt dei beste i Norge.
Det blir kvar veke tatt prøvar av vatnet som BVA produserer rundt om på nettet. Dei blir analyserte av uavhengig laboratorium. – For oss er tryggleiken til kundane våre det viktigaste, seier dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker. Me er stolte og glade for den kvaliteten vårt produkt held, og jobbar dagleg med å få det enda betre.