Gebyr og betaling

BVA er eit kommunalt aksjeselskap basert på sjølvkostprinsippet.

Betaling for vatn- og avløp på Bømlo

Kommunestyret vedtek storleiken på vass- og avløpsgebyra på Bømlo. Beløpet betalar du månadleg, og du kan betala enten basert på forbruk, eller basert på storleiken på husværet ditt. Dersom du vel det siste, så kan du bruka gebyrkalkulatoren vår for å sjå kva du skal betala. Sjå også gebyr-regulativet for 2024.

 

Korleis betalar eg? Og kva skal eg betala?
Faktura for vatn- og avløpstenester vert sendt ut tolv gongar i året, og blir sendt i posten. Sjølvsagt kan du betala elektronisk om du ønskjer, enten med eFaktura og/eller Avtalegiro. Dersom du har Avtalegiro og ikkje ønskjer papirfaktura send oss ein e-post til post@bva.no

Faktura blir sendt ut den siste datoen i månaden og har ein månads forfall. Til dømes vil fakturaen for januar blir sendt ut 31.01. og har forfallsdato 01.03.  

Fakturaen har ein fast del og ein variabel del. Den faste delen er lik uansett kva type bygg ein har (fritid, naust, industri etc.). Denne delen av gebyret skal dekke kostnader som ikkje direkte er avhengig av vassforbruket, medan den variable delen skal dekke direkte drifts- og vedlikehaldskostnader. Den variable delen blir enten berekna etter arealet på bygget eller med vassmålar

Ved arealberekning på bustadhus er arealet delt inn i tre grupper; 0-80 kvm, 81-350 kvm og over 350 kvm.

Kven bestemmer kva det skal kosta?
Prosessen for fastsetjing av gebyrnivå er slik: BVA lagar forslag til årlege gebyr med bakgrunn i drift- og vedlikehaldskostnader og planlagt investering neste år. Årsresultatet til BVA skal i utgangspunktet vera kr 0, dvs at me verken skal ha overskot eller underskot (sjølvkostsystemet). Om BVA har overskot eller underskot, så er det strenge reglar for korleis resultatet skal førast og eventuelt brukast.

Når forslag til neste års gebyr er utarbeida blir dette sendt over til kommunestyret i Bømlo som gjer vedtak om bruk. Her kan det komma endringar og føringar til BVA som gjer at spesielt investeringsplanar må reviderast i forhold til det som var planlagt. 

Spørsmål?
Dersom du har spørsmål rundt fakturaen, sjekk Ofte Stilte Spørsmål, eller kontakt BVA på tlf 53 42 88 40 eller e-post.