Opprette e-faktura – korleis unngå brevfaktura frå BVA

Lei av brevfaktura?

BVA sender faktura ein gong i månaden i staden for kvartalsvis. Men du treng ikkje å få den i posten.

BVA endra faktureringsrutinen etter at mange kundar tok kontakt med oss i BVA og spurte om å få faktura ein gong i månaden. No er fakturabeløpet lågare og det er ein fast dag i månaden pengane går ut av konto.

Unngå papirfaktura i posten

Vel du e-faktura slepp du å få rekninga i posten. Då kjem rekninga i nettbanken, og du treng ikkje å skriva inn lange KID-nummer. E-faktura må godkjennast i nettbanken. For å ha tilgong til fakturaene digitalt, så inngår du e-faktura -avtale i nettbanken din. Med kombinert e-faktura og Avtalegiro blir rekninga også betalt automatisk på rett dag.

Med berre Avtalegiro får du papirkopi

Nokre abonnentar har inngått berre Avtale-giro. Då vert rekninga betalt automatisk, men du får også automatisk papirkopi i posten. Årsaka er at me ikkje kan trekkja pengar frå kontoen din, utan at du får eit dokument som viser kvifor. Dersom du ikkje ønskjer å motta papirkopi ved Avtalegiro, send oss ein e-post til post@bva.no med informasjon om navn, adresse og kundenr, så tar me bort papirkopien for deg.

Mange vel digitalt mottak

Ved utsending av faktura for desember 2024 vart andelen e-faktura 73%, og e-faktura + EHF 77% av utsendte faktura.

Korleis går eg fram?

Det kan vera lurt å inngå både efakturaavtale og avtalegiroavtale. Då vert rekningane betalt automatisk på forfallsdato, og du har dei tilgjengeleg i eit digitalt arkiv i nettbanken din.

Det tradisjonelle e-faktura-produktet er avviklet, og det er ikke lenger nødvendig å inngå en e-faktura-avtale direkte med BVA. Nå trenger du bare å aktivere e-faktura i nettbanken din, og det vil da fungere for BVA og andre e-faktura-tilbydere.

E-faktura-løysinga krev derimot at me har tilstrekkeleg informasjon om deg for å sikkert kunne identifisere deg i e-fakturaregisteret.

Ved oppslag mot e-faktura-registeret er det viktig at me får eit sikkert treff på deg som mottakar, får me det vert faktura sendt i posten. I slike tilfelle ber me derfor om å få tilsendt ytterlegare kontaktinfo slik at me igjen kan levere e-faktura til deg.

I tilfelle kor e-faktura ikkje vert levert slik den skal ber me deg om at du sender informasjonen nedanfor til post@bva.no:

  • din e-postadresse,
  • mobilnummer,
  • kundenummer og namn

E-postadressa og mobilnummeret bør være det same som er registrert i din nettbank.

Me vil også opplyse om at ved leigeforhold, der me pr. i dag har lagt inn c/o adresse vil det ikkje lengre vera mogleg å motta e-faktura. Dette fordi det banken ikkje finn tilstrekkeleg informasjon om e-fakturamottakar.

Ved spørsmål kontakt oss gjerne på tlf: 53 42 88 40 eller post@bva.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

.