Ei kjetta på 60 kg (!)

Ei kjetta på 60 kg (!)

- I pumpene finn me forskjellige ting som ikkje høyrer heime i avløpsnettet. Leikebilar, moppar, eingangssprøyter, mobilar, bocciakuler og mykje anna som ein kan undrast på korleis det hamnar i do. (meir…)
Les meir
Reisa i avløpsnettet

Reisa i avløpsnettet

Kva skjer i reisa i avløpsnettet? «FRISKT» var med Svein Arild på jobben for å læra om og sjå kva som skjer når kloakken og avløpsvatnet tek til på si reise i det offentlege avløpsnettet på Bømlo. Ute av syne, ute av sinn? Heldigvis slepp me å gå rundt å tenkje så mykje på kva som skjer med kloakken etter den har forlete huset vårt. Det er her Svein Arild Madsen kjem inn med sin kunnskap og kompetanse, for det er han og kollegaene hans på BVA som gjer at me kan frigjera tankane våre til andre, mykje kjekkare syslar.…
Les meir
Kva skjer eigentleg når eg dreg i snora?

Kva skjer eigentleg når eg dreg i snora?

Etter eit toalettbesøk dreg me i snora, vaskar hendene og så tenkjer me ikkje noko meir på det. Men kva skjer eigentleg? Og er det likt på Rubbestadneset som i Langevåg og Brandasund? Me har spurt Jarle Andreassen i BVA som er eksperten på dei ulike løysingane som me har her på Bømlo. To system – same prinsipp Det finst i hovudsak to system; offentleg avløpsnett og private løysingar. Om lag 60% er knytt til det offentlege nettet. Sjølv om løysingane er ulike, er prinsippa som ligg bak dei same. Ut av huset Alt vatnet som går ut av huset,…
Les meir
Bos i avløpet og naturen

Bos i avløpet og naturen

Tidlegare i år vart det gjort kjent at ein sjeldan kval var stranda på Sotra. Då kvalen vart partert vart det funne store mengder plast i magen på den og ein landsomfattande aksjon vart starta i forhold til å rydde strender for plast og bos. Fokuset har vore stort i ettertid og både lokale eldsjeler og meir sentrale aktørar har foreslått forskjellige idear til korleis ein kan rydde opp plasten i havet. Å rydde ei strand eller ei vik kan vera både oppløftande og nedslåande. Mange stader ligg det lag på lag med plast og anna bos og det er…
Les meir
Idiotiske vatningsforbod!

Idiotiske vatningsforbod!

BVA er ofte på denne tida av året ute med varsel om vatningsforbod. Av og til kan det være vanskeleg å forstå kvifor forbodet er her: Vassmagasina er fulle og det er meir enn nok vatn! Men produksjonskapasiteten til BVA blir brukt opp om mange vatnar plen eller blomar ved hjelp av hageslangen eller vasspreiaren på same tid. Når forbruket er større enn det me klarer å produsere så vil vatnet til bruk både for industrien og brannberedskap forsvinne. Av den grunn må me i BVA gå ut med vatningsforbod. Om du brukar vasskanne så må du gjerne vatne både…
Les meir
Best mot tørste

Best mot tørste

Vatn er den beste tørstedrikk for både vaksne og barn. Vatn er tilrådd som drikke både til måltid og mellom måltida. * Kroppen treng minst 1,5 liter, aller helst 2,5 liter væske i døgeret. Du får om lag 1 liter av dette via maten. Det betyr at du bør drikka rundt 1 1/2 liter, men behovet varierer mykje med alder, temperatur og aktivitetsnivå. Du treng ikkje å være tørst før du drikk. Nokon kjenner tørste godt, mens andre ikkje kjenner det før dei er slitne, slappe eller har vondt i hovudet. (meir…)
Les meir
Me elskar det!

Me elskar det!

Vatn gjer oss glade! Vatnet har ein heilt spesiell plass i våre liv. Frå me er små elskar me å bada og leika med vatn. Vatn framkaller gledeshyl og begeistring. Det er vidunderlege kjensler når den varme dusjen fornyar ein trøtt og lemster kropp! Vatn blir nytta til ei mengd ulike oppgåver i vårt moderne samfunn. Frå kvardagslege ting til spektakulære show og til og med avanserte skjæremetodar av papir og metall i industrien!* (meir…)
Les meir
Kvalitet i kvar ein dråpe

Kvalitet i kvar ein dråpe

Det blir tatt prøvar av vatnet rundt om på utvalde stader på leidningsnettet til BVA kvar einaste veke. Prøvane blir analysert for å avdekke eventuelle feil med vasskvaliteten. Me har vore med Alf Helge Sørenes på hans måndagsrunde for å ta vassprøvar. På ulike stader Me får sitja på med Alf Helge på ein del av runden. Han tar med seg eit par sterile prøveflasker, og ruslar bort til utekranen på veggen til ein privat bustad i Siggjarvågen. - Dette er enden på Foldrøynettet, seier Alf Helge. - Me har sjølvsagt avtale med eigaren, kommenterar han lunt i det han…
Les meir
1.730.000.000 liter i året

1.730.000.000 liter i året

BVA produserer ein milliard sjuhundreogtretti millionar liter vatn i året. Om du fyller vatnet på einliters kartongar og set dei på rekke etter kvarandre, vil dei rekke vel tre gongar rundt jorda ved ekvator! (meir…)
Les meir