Lag på lag med røyr
Arbeidet på Arhaugen i Rubbestadneset våren 2018 var utfordrande med mykje krinkelkrokar. Vatnet skal heim til deg, og du skal kvitta deg med det. Du tenkjer nok ikkje på det til dagleg, men måten røyra ligg i grøfta påvirkar tryggleiken din. Når me legg røyr, så vert desse lagt i tre ulike nivå, med drikkevatnet i det øvste laget, avløpet i midten og overvatn (regnvatn som vert leia bort) nedst. Dette har vore standard hos oss på Bømlo sidan 2015 og er eit av mange tiltak for reint og trygt vatn. Viktig å halda vatnet reint– Når me gjer det…