Bømlavatnflaska med på tur

Bømlavatnflaska med på tur

Artiklar
Bømlavatnflaskene minner oss om å drikka vatn, og at me har eit av Norges, og verdas beste drikkevatn i kommunen vår. Ta med flaska di på tur, send bilde til oss, og bli med i trekking av premie! Desse flaskene har vore i Furuneset på Rubbestadneset, i Krakow og på Malaga. Kvar tek du med deg di flaske i sommar? Fekk bilde i fjor sommarI fjor sommar fekk me inn nokre bilde frå engasjerte bømlingar som hadde med seg bømlaflaska på tur. Dette var så kjekt, at me gjerne vil sjå kvar du tek med deg bømlavatnet i sommar. Kanskje til Hiskjo, Slåtterøy eller Moskva? På telttur, busstur eller båttur - vatn må du ha uansett. Trekking av premie: BømlagåvekortDei kjekkaste bidraga som vert sendt inn, blir med i trekkinga…
Les meir
Effektiv innovasjon

Effektiv innovasjon

Artiklar
Dette har du kanskje aldri tenkt på før: Treng vassleidningar å gjerast reine inni? Og korleis i alle dagar blir det gjort i så fall? F.v. Trond Sandnes, Jan Roar Grutle og Thor Audun Larsen med «pigge­vogna» som blir brukt for å gjera vassleidningane på Bømlo reine. Foto: Vegard Røsland – Ja, me vil at vatnet skal ha høgast mogleg kvalitet, både med tanke på smak, lukt og utsjånad, seier Trond Sandnes. - Då må me halda vassleidningane i topp stand! Trond er driftsoperatør i Bømlo Vatn og Avløpsselskap og har saman med Thor Audun Larsen og Jan Roar Grutle utvikla eit eige verktøy for effektiv reinsing av røyr. Ubehageleg, men ufarleg Over tid vil det oppstå organisk materiale i vassleidningane, og desse kan gje farge til vatnet. Farga vatn kan…
Les meir
Bømlavatnet er blant Norges beste!

Bømlavatnet er blant Norges beste!

Artiklar
No er det offisielt! Bømlingane har alltid hevda det, og no har ein uavhengig jury kåra Bømlavatnet til eit av Norges beste drikkevatn! Det skjedde i landsfinalen som gjekk av stabelen på kommunalteknikkmessa på Lillestrøm tysdag 5. mars. Vatnet frå Bømlo har konkurrert mot vatn frå heile landet. Det haldt ikkje til siger, men Bømlavatnet er eit av dei ti beste i landet. Finnåsvatnet, ei av drikkevaskjeldene på Bømlo. – Dette er ein veldig flott prestasjon, og me er glade for å ha fått ei så høg plassering, seier ein entusiastisk Audun Halleraker. Han er dagleg leiar i Bømlo Vatn og avløpsselskap (BVA), som produserer drikkevatnet på Bømlo. –Me vant prisen for det beste drikkevatnet på Vestlandet, og det har vore kjekt å komma til finalen i denne konkurransen. Mange…
Les meir
Krav om tilbakeslagssikring

Krav om tilbakeslagssikring

Artiklar
Eigarar av næringseigedomar må ha tilbake­­slags­sikring på vassinntaket sitt. BVA gjennom­fører no ei kartlegging for å få oversikt over kva sikringstiltak dei ulike eigedomane har. (meir…)
Les meir
Privat vasskjelde?

Privat vasskjelde?

Artiklar
Mattilsynet skal no ha oversikt over vasskjelder som forsyner meir enn ein husstand. Sjølve re­gi­st­reringa er kjapt gjort. (meir…)
Les meir
Vatn reinsa gjennom stein

Vatn reinsa gjennom stein

Artiklar
Du veit korleis eit kaffifilter ser ut, og du veit kanskje at bilen treng å bytta oljefilter på service. Men kva filter er det som reinsar vatnet vårt? (meir…)
Les meir
Investeringar som sikrar vatn

Investeringar som sikrar vatn

Artiklar
Fleire vassverk i Norge gjekk tom for vatn i fjor sommar. Det at bømlingane var flinke til å respektere vatnings­forbodet og at vassleidningsnettet er godt vedlikehaldt gjorde at me hadde nok vatn. (meir…)
Les meir
God (feittfri) jul!

God (feittfri) jul!

Artiklar
No nærmar det seg jul! Saftig pinnekjøt, ribbe og andre gode middagar skal lagast og nytast. Men kva gjer du med feittet som ligg att i kasse­rollane etterpå..? (meir…)
Les meir