Vatn reinsa gjennom stein

Vatn reinsa gjennom stein

Artiklar
Du veit korleis eit kaffifilter ser ut, og du veit kanskje at bilen treng å bytta oljefilter på service. Men kva filter er det som reinsar vatnet vårt? (meir…)
Les meir
Investeringar som sikrar vatn

Investeringar som sikrar vatn

Artiklar
Fleire vassverk i Norge gjekk tom for vatn i fjor sommar. Det at bømlingane var flinke til å respektere vatnings­forbodet og at vassleidningsnettet er godt vedlikehaldt gjorde at me hadde nok vatn. (meir…)
Les meir
God (feittfri) jul!

God (feittfri) jul!

Artiklar
No nærmar det seg jul! Saftig pinnekjøt, ribbe og andre gode middagar skal lagast og nytast. Men kva gjer du med feittet som ligg att i kasse­rollane etterpå..? (meir…)
Les meir
Beste vatnet i landet?

Beste vatnet i landet?

Artiklar
BVA vant i haust konkurransen om Vestlandets beste drikkevatn. Dette er me stolte av og me gler oss til finalen når det beste drikkevatnet i heile landet skal kårast. (meir…)
Les meir
Styreleiarbytte

Styreleiarbytte

Artiklar
Terje Gilje har vore styreleiar i BVA sidan 2010. Han er no pensjonist og generalforsamlinga har valgt Gitte Gard Talmo til ny styreleiar. [caption id="attachment_2149" align="alignnone" width="604"] Bilde av Gitte Gard Talmo, ny styreleiar i BVA. Foto: Privat[/caption] Vassvant kvinne «FRISKT» slår på tråden og det er ei trivelig og travel kvinne som svarar. Gitte Gard Talmo bur på eit småbruk på Langevåg saman med døtrene sine, hestar, høner og hund. Til dagleg jobbar ho som marknadsdirektør i Eidesvik, der fokuset hennar er å skaffe nye kontraktar for hjørnesteinsbedrifta. Ho er dermed godt vant med vatn, men då helst som transportveg. Gitte har tidlegare erfaring med styreverv frå mellom anna Bømlo Næringsråd ogLangevåg idrettsbygg. Framoverlent organisasjon - Eg sa ja til å bli styreleiar i BVA ut frå det inntrykket eg…
Les meir
Over heile Bømlo – utbetring av vatn og avløpsnettet

Over heile Bømlo – utbetring av vatn og avløpsnettet

Artiklar
Bømlopakken har gitt moglegheiter til planlagde investeringar på vatn og avløpsnettet, men eit stort utbetringsprosjekt gjorde omprioriteringar nødvendig. Prosjekt til 9,5 millionar I heile 2017 gjorde BVA investeringar for lag 16 millionar kroner. Når 9,5 millionar er sett av til å utbetra gamle Arhaugen i Rubbestadneset forstår me at det er eit stort prosjekt. Stram lukt og kloakk på avveie Bebuarar gjorde BVA merksam på både stram lukt og kloakk på avveie. Nærare undersøkingar viste at det var fleire kloakkutslepp som kom ut i det fri i Arhaugen. Då det gamle Wichmannfeltet blei opparbeida på 1960-talet var det eit privat anlegg. Kommunen overtok etter kvart ansvaret, men det hadde ikkje blitt dokumentert på ordentlig vis. Derfor visste ein ikkje kor gale det stod til, før ein gjennomførte inspeksjon. Mykje var…
Les meir
Badar i Bømlavatn

Badar i Bømlavatn

Artiklar
«FRISKT» tek turen til rådhuset for å slå av ein prat med kommunalsjefen for oppvekst, kultur og idrett, Bjørn Håvard Bjørklund. Han strålar når me kjem. - Me har Sunnhordlands flottaste badeanlegg på Bømlo! smiler han. Det er tydeleg at bassenganlegget er eit kjekt prosjekt å jobba med. Lærer av andre Når ein byggjer og skal drifte eit basseng, så er det mykje å setje seg inn i. Bjørn Håvard seier dei har vore på besøk hos andre, t.d. Vossabadet og Tysværbadet, for å læra kva ein kan gjera feil - og kva andre har hatt suksess med. Slik kan me få eit anlegg som er billigare, enklare og tryggare i drift. Tilset fire årsverk Det er kommunestyret som vel driftsmodell for badet, og det er foreslått tre prioriterte område:…
Les meir
Vannvittig mykje Bømlavatn

Vannvittig mykje Bømlavatn

Artiklar
Me bømlingar brukte 1,7 milliardar liter vatn i fjor. Få veit kor mykje vatn dei brukar sjølve. Drikke, bilvask, klesvask, dusj og toalett-besøk. Vatn er ein heilt naturleg del av kvardagen vår. 1,7 milliardar liter I fjor brukte privatkundane på Bømlo over 150 liter vatn pr. person kvar dag. Det vil seia at ei gjennomsnittshushaldning med to store og to små brukar over 600 liter vatn kvar dag. Men kva brukar me alt dette vatnet til? Dusjen er det store sluket I følge Norsk vann brukar me om lag 50 liter vatn dagleg til bading og dusjing, 40 liter til kjøkkenet (mat, oppvask, osv), og om lag 30 liter til klevask og 30 liter til toalettbesøk. Det er altså dusjen som er det store luket, men mange kan gjera eit enkelt grep for å spara både…
Les meir
Oppdatering: Kokevarsel Espevær

Oppdatering: Kokevarsel Espevær

Artiklar, Driftsmelding
BVA fekk melding i går (26. sept) frå laboratoriet om bakteriefunn i drikkevatnet på Espevær. Me gjekk umiddelbart ut med kokevarsel både på sms/telefon, nettsida vår og Facebook. (NB! Om du bur på Espevær og ikkje har fått melding, så registrer telefonnummeret ditt på bva.no/varsling eller ta kontakt med oss) Når kjem det meir informasjon? I går kveld sendte me ut mannskap for å ta fleire prøvar på Espevær og i Eidesvik. Desse prøvane får me svar på i løpet av kvelden, og då vil me umiddelbart gå ut med meir informasjon. Espevær får drikkevatnet sitt frå Vorland på Langevåg. Prøven frå Vorland vassbehandlingsanlegg, som var tatt på same tid, viste ingen funn av bakteriar. Det er difor berre Espevær som er omfatta av kokepåbodet. BVA har sett i gong…
Les meir