Frosne vassrøyr og frosttapping

BVA har hatt og har stor pågang frå huseigarar som har fått frosne vassrøyr dei siste vekene.

Me oppfordrar alle våre kundar til å  sjekke bygningar som er tilknytt det offentlege vassnettet i forhold til frostskadar eller lekkasjar.

Har du  stikkleidningar som ikkje har tilstrekkeleg frostsikring anbefale me sterkt å montere varmekabel for å sikre vassforsyninga.

Frosttapping ser me at det er mykje av. Det er ikkje tillat! Årsaka er at det kan føre til at BVA ikkje har tilstrekkeleg vatn i våre høgdebasseng i ein beredskapssituasjon.

Foto: Shutterstock
Frosttapping er verken lov eller lurt – Foto: Shutterstock