Frosne røyr

FROSNE RØR!

Det er ein god del som ringer til BVA om frosne rør. Stort sett har dette vist seg å vere på private leidningar. Før du tar kontakt med oss, kan du gjerne sjekke med naboen dersom de har felles leidningar.

Har de felles leidningar og naboen har vatn, er det sannsynleg at frosten ligg lokalt på stikkledningen til ditt hus. I slike tilfelle ber vi dykk ta direkte kontakt med ein røyrleggjar som driv med tining.

Er du svært usikker på kor vatnet kjem frå, må du sjølvsagt ta kontakt med oss.