Kunnskap til barna

Førskulelærar Anita Helle ved Espira Finnås barnehage i samtale med Liam og dei andre om det som skjer når me trekker i snora på do.

BVA har laga undervisnings­opplegg for barnehagane på Bømlo. Det er laga i samanband med FN si markering av verdas toalettdag og er retta mot born som går siste året i barnehagen.

— Me ønskjer å starta tidleg, og på ein kjekk måte. Barna er framtida. For oss er det viktig at dei allereie no får gode haldningar til forureining av naturen og blir medvitne på korleis avløp og vassforsyning virkar, seier dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker.

Så kan me etter kvart bygga på dette grunnlaget når me seinare informerer. Me vil gjerne at neste generasjon forstår både praktiske og økonomiske sider av arbeidet med vatn og avløp, fortset han.

Samarbeid med barnehagane
— Barnehagane blei kontakta for om lag eit år sidan, og saman har me utvikla det pedagogiske opplegget i løpet av året, seier Elise H. Halleraker i BVA. — Me har fått viktige og gode innspel frå dei som tross alt er fagfolka, og som kjenner barna, fortset ho. Me får jo ikkje sagt alt på ein gong, så det barna får i dette opplegget er det me tenkjer passar for dette alderstrinnet. Det er forteljingar, spel og røyr-byggesett med «ekte røyr». Det gir noko kjekt å gjera på og innsikt i korleis avløpsrøyr faktisk er sett saman.

Små, viktige do-inspektørar
Do-inspektørheftet skal barna ta med seg heim, det inneheld oppgåver å løyse, teikningar for fargelegging og teikneserie. Det er viktig å få fokus på at det er mykje som ikkje har noko i toaletta å gjera. Med å kasta avfall i bosbøtta i staden for doen blir BVA sitt arbeid enklare. Me slepp tette røyr, og dessutan skånar me naturen med at mindre plast og avfall kjem ut i naturen og havet.

— Dei små inspektørane følgjer nemleg vanlegvis nøye med kva me vaksne gjer på, og gir beskjed når me ikkje gjer rett, seier Elise H. Halleraker – Så er det jo eit godt høve til å snakka ilag om nettopp kva me ikkje må kasta i doen, fortset ho. — Det er framleis alt for mykje skadeleg avfall som hamnar i avløpet!