Naudvatn, plan for uføresette hendingar

Fleire ting ligg til rette for å nytta Haldors­vatnet og Hamren i naudvatn-ordninga i kommunen vår.

Kva skjer om vatnet i eit heilt område blir borte, eller ikkje kan brukast? – Det er det naudvatn-prosjektet me skal i gong med over nyttår handlar om.

— Når vatn i eit av våre forsyningsområde fell bort eller ikkje kan brukast, må me ha eit alternativ som fungerer, fortel Odd Petter Habbestad, drifts- og prosjektleiar i BVA. — Det er strenge forskrifter for korleis dette skal gjerast, det skal mellom anna vera eit heilt uavhengig system som ikkje er i bruk utanom i naudsituasjonen.

Interkommunalt samarbeid
— Me skal kunna ha på plass naudvatn kort tid etter at ei hending har inntruffe, seier Habbestad. — Utstyr for slik beredskap er kostbart og difor er det naudsynt og ønskjeleg å nytta felles ressursar kommunane imellom. Utstyret består mellom anna av 1000-liters tankar for utplassering og 10.000 liters tankar som kan setjast på lastebilar, sokalla krokbilar.
Med å ha utstyr strategisk plassert kan det hentast i løpet av ein time og to. Det blir arbeidd med avtaler mellom kommunane i Sunnhordland og Haugalandet for slike fellesløysingar.

Organisering og hygiene
Erfaringar frå kriser andre stader viser at i ei krise er det like viktig å ha organi­seringa på plass som utstyr. Det betyr at me i tett samarbeid med kommunen og andre har definerte rollar og ressursar som veit kva dei skal gjera i naudsfall. I slike reserveløysingar er det like viktig som elles å ha prosedyrar og rutinar som sikrar forskriftsmessig hygiene, tryggleik og effektivitet.

Haldorsvatnet idéelt
Me har ei gunstig løysing for dette i samband med at Haldorsvatnet ligg svært greitt til i forhold til høgdebassenget me har på Hamren ved Urangsvågen. Haldors­vatnet er ikkje ein del av forsyningsvatna våre, dessutan har det så god kvalitet at det ikkje treng anna reinsing enn UV-stråling og klor. Det er allereie på plass røyr frå vatnet opp til høgdebassenget, i prosjektet skal det byggast ny ventilkumme og leggjast røyr ned til ein fyllingsplass ved Særverudsøy-vegen.

Korleis fungerer naudvatn?
Nede ved vegen er planen å byggja fyllekum over trerreng og ein snuplass for større kjøretøy (trailarar) som kan fylla vatn direkte på tankane. Dette vatnet blir så kjørt ut til området der vatnet ikkje kan brukast eller av andre årsaker ikkje er tilgjengeleg. Her blir det fyllt på tusenliters tankar med sterile eingangssekkar i. Så kan folk komma å få vatn med seg i eigne flasker eller kanner.

Hamren i 2021
BVA sitt prosjekt på Hamren har start i starten av 2021 og skal vera ferdigstilt utpå hausten ein gong. — Me ser fram til å ha denne tryggleiken på plass sjølv om det forhåpentleg aldri blir bruk for, seier prosjektleiar Odd Petter Habbestad til slutt.