Martin brenn for eit reinare hav!

Martin Alvsvåg foran ramfor ein enorm avfallshaug i Vietnam i 2019. Foto: Edmond Yp Yang
Martin Alvsvåg vaks opp på Rubbestadneset, no brenn han for oppsamling av plast og opprydding av dei viktige elvane i verda. Her framfor ein enorm avfallshaug i Vietnam i 2019.

Martin Alvsvåg vaks opp i Rubben og fiska pale frå eigen robåt allereie som 6-7 åring. Det han hausta frå havet selde han til naboen. No arbeider han i Sjømannskyrkja og har ved sida av jobben grunnlagt Rivers.Global – ein organisasjon som arbeider for eit reinare hav.

— Det gjekk opp for meg då eg leste meg opp på dette med plast i havet, at elvane i verda spelar ei nøkkelrolle i kampen for mindre plast i havet, fortel Martin Alvsvåg.

— Det er elvane som fører med seg mestedelen av plasten som endar opp i havet. Dersom me ønskjer eit reinare hav, må me setja inn kreftene på å stoppa tilførsla av plast FØR den når havet, fortset ein engasjert Martin.

— Jo tidlegare, dess betre. Det fins elvar i Sør-Amerika, Afrika og Asia som er så fulle av plast at ein ikkje ser vatnet! Så kjem det ein monsun, eller slagvatn om ein vil, og elvane fører plasten ut i havet. Det er viktig å få stengd av desse hovudkranane, og det hastar. Det er det som er så bra med elveoppsamlaren vår. Når den er ferdig teikna ut, i minste detalj, og nøye prøvd ut, skal den kunna kopierast heilt gratis, kor som helst i verda. Her trur me på tekniske nyvinningar kombinert med lokal arbeidskraft. Me kan vera dei som set i gong og som bidrar med teknologi og inspirasjon. Dei som bur i landet må gjera jobben. Først då blir det varig endring, seier Martin. – Dette er filosofien og strategien til Rivers.Global.

Resirkulering er viktig
Rivers.Global arbeider også med andre sider av plast-problematikken, fortel Martin. — Me vil arbeida strategisk for at fleire land skal redusera bruken av eingongsplast og innføra panteordningar på brukt plast. Det er også viktig med reintbrennande omnar, gjerne med energigjenvinning, for avfall som ikkje kan resirkulerast. Her kan det skapast arbeidsplassar.

Pantaren
Me prøver oss på ein jungelvits midt i det tunge alvoret: Kva heiter det mest miljøvennlege dyret i jungelen? – Pantaren!
Rivers.Global vil også jobba politisk for å få på plass pante­ordningar som gjer brukt plast til ein ressurs. Pengar er eit språk som blir forstått over heile verda. Dersom ein får greitt betalt for å pante plast, vil han bli panta! Dette vil kosta pengar, men kanskje me ikkje har råd til å la det vera, spør Martin Alvsvåg.

Allsidig strategisk påverking
Rivers.Global har også som mål å ­bevisstgjera og formidla kunnskap om kvifor det er så viktig med reinare elver. — Her vil me jobba med lærarar, journalistar, helsearbeidarar og politikarar for å auka kunnskapsnivået. Me vil knyta til oss pedagogar og kunstnarar, i tillegg til fagpersonar, fordi dei vet noko om å kommunisere ein bodskap.

Gledeleg støtte
Rivers.Global er ein ideell organisasjon med frivillige medarbeidarar, førebels utan tilsette. — Me er i startgropa, og veks sakte men sunt! Og så har me eit breitt samansett og svært kompetent styre. Greåker videregåande skule med 1200 elevar er ein viktig partnar for oss. Det same med KPMG og ein del kommunar som også har gitt oss støtte. Me har runda 300 medlemmer, og folk gir bursdagen sin til Rivers.Global på Facebook!, seier Martin. Berre gå inn på våre nettsider «www.rivers.global», der kan du bli medlem eller støtta arbeidet!

The River Cleaner
brukar straumen i elva til å føra plast og anna inn i ein stor trålpose, som enkelt kan løftast opp og tømmast på land i ei handavending. So kan innhaldet sorterast før vidare handtering. Teikningane har dei fått hjelp av bror til Martin, Norvald Alvsvåg til å laga. Dei er sokalla «open source», altså tilgjengelege heilt gratis for alle, ingen patentar! — Det er dessverre nok av forurensa elvar å ta tak i, og det hastar med å få redusert det jevne tilsiget av plast til havet som elvane står for, seier Martin. The River Cleaner kan produserast kor som helst i verda, alle materialar finns i alle land. Slik aukar me sjansene for lokalt eigarskap til prosjektet og unødvendig shipping over landegrenser. Meir bærekraftig rett og slett, sluttar Martin Alvsvåg av.