Kor blei det av matfeittet?Fuglane veit!

Våre vener småfuglane kan også feira jul med ekstra god julemat dersom du blandar matfeittet saman med frø, gryn og nøter og legg det ut!

Me kan vel trygt slå fast at det blir ei annleis jul i år. Lite er vel meir tradisjonstungt enn jule- og nyårsfeiringane her i Noreg. 2020 skal også avsluttast på tradisjonelt vis, men i år blir det med pålagde og tilrådde restriksjonar.

Nesten ingenting slår den gode kjensla av lukta frå pinnekjøt og ribbe. Det kan me heldigvis oppleva også denne jula, og me får håpa at det blir høve til å møtast med våre næraste til god mat og drikke. – Og kjenna på det gode me har ilag.

Det skumle matfeittet
Dei himmelske julemiddagane har ofte ekstra feite restar. Har du tenkt over kva du gjer med alt feittet etter middagane i jula?

Avløpet tek nok i mot feittet om du kastar det i vasken med ein god dose vaske­middel, eller om du tømmer det i do. – Det dumme med det er at det kan få konsekvensar. I verste fall kan avløpsrøyra dine tetta seg slik at kloakken går feil veg – og det er ein lite triveleg måte å feira jula på…
Følg gjerne tipsa til høgre når du ryddar etter julemiddagen.

Så vil me ønskja deg god jul – etter kvart!