Endeleg kan me snakka om…

Mykje kjekt i Vassbjørn sin røyrkoffert; hugsespel, Roar Røyr-byggesett , do-inspektør­hefte og anna! – Her prøver dei Vassbjørn sitt røyrspel.

Mange gongar plumpar det ut ord me ikkje «har lov å seia», sånn som tiss, bæsj og sånn. No skal me faktisk bruka nettopp dei orda!
Me er på besøk i Espira Finnås.Dei skal prøva ut det pedagogiske informasjonsmateriellet frå BVA om avløp. Vassbjørn sin røyrkoffert innheld ei rekke hjelpemiddel for å setja lys på kva som skjer i avløpet når me trekkjer i snora på do. Det er tilpassa dei eldste i barnehagen.

Godt mottatt
Me blir godt mottat i barnehagen på Finnås av Anita og Malin. Det har vore trekning om kven av barna som skulle få vera med å sjå opplegget først av alle førskulebarn på heile Bømlo! – Dei heldige er Liam, John, Dagfinn og Jakob, dei set klare til å sjå kva den blå kofferten frå BVA innheld.

Ei viktig forteljing
Det første dei fire forventningsfulle gutane får høyra er forteljinga om Vassbjørn (maskoten til BVA) og ting han jobbar med. Han finn ut kvar det lek frå røyr, han veit kva me kan ha i do og kva me slett ikkje må kasta der! Han fortel om kva som kan skje dersom me kastar ting i do som ikkje skal vera der!

Kva skjer når me skyl ned?
Kor blir det av bæsj og tiss og dopapir når me trykker på knappen over do? Det er det mange som lurer på, og no får me vite det! Det blir samla i septiktankar eller pumpa til ein stasjon for slikt. Så blir bæsjen henta av SIM og blir til mold. Liam kan fortelja at ein gong tok SIM-bilen leika hans, det var ikkje so kjekt! – Tisset blir reinsa før det blir pumpa til havs.

Små raude hytter
Det dukkar stadig opp nokre små, raude hytter i forteljinga. Det viser seg at fleire av gutane har sett slike hytter, det står ei slik like ved Bømlo Folkehøgskule. No får dei høyra kva som skjer inni hyttene, dei pumpar vatn eller avløp for oss som bur her.

Dette engasjerer!
Førskulelærar Anita Helle er godt nøgd med responsen hos dei fire gutane. — Dei var engasjerte frå første minutt og det er tydeleg at dette traff, seier ho. Dei lytta til forteljingane, praten gjekk, spela var kjekke og bygginga av Roar Røyr utfordra til samarbeid. Det skal bli kjekt å bruka dette opplegget vidare, avsluttar ho.