Martin brenn for eit reinare hav!

Martin brenn for eit reinare hav!

Artiklar
Martin Alvsvåg vaks opp på Rubbestadneset, no brenn han for oppsamling av plast og opprydding av dei viktige elvane i verda. Her framfor ein enorm avfallshaug i Vietnam i 2019. Martin Alvsvåg vaks opp i Rubben og fiska pale frå eigen robåt allereie som 6-7 åring. Det han hausta frå havet selde han til naboen. No arbeider han i Sjømannskyrkja og har ved sida av jobben grunnlagt Rivers.Global - ein organisasjon som arbeider for eit reinare hav.— Det gjekk opp for meg då eg leste meg opp på dette med plast i havet, at elvane i verda spelar ei nøkkelrolle i kampen for mindre plast i havet, fortel Martin Alvsvåg.— Det er elvane som fører med seg mestedelen av plasten som endar opp i havet. Dersom me ønskjer eit reinare…
Les meir
Endeleg kan me snakka om…

Endeleg kan me snakka om…

Artiklar
Mykje kjekt i Vassbjørn sin røyrkoffert; hugsespel, Roar Røyr-byggesett , do-inspektør­hefte og anna! - Her prøver dei Vassbjørn sitt røyrspel. Mange gongar plumpar det ut ord me ikkje «har lov å seia», sånn som tiss, bæsj og sånn. No skal me faktisk bruka nettopp dei orda!Me er på besøk i Espira Finnås.Dei skal prøva ut det pedagogiske informasjonsmateriellet frå BVA om avløp. Vassbjørn sin røyrkoffert innheld ei rekke hjelpemiddel for å setja lys på kva som skjer i avløpet når me trekkjer i snora på do. Det er tilpassa dei eldste i barnehagen. Godt mottattMe blir godt mottat i barnehagen på Finnås av Anita og Malin. Det har vore trekning om kven av barna som skulle få vera med å sjå opplegget først av alle førskulebarn på heile Bømlo! -…
Les meir
Naudvatn, plan for uføresette hendingar

Naudvatn, plan for uføresette hendingar

Artiklar
Fleire ting ligg til rette for å nytta Haldors­vatnet og Hamren i naudvatn-ordninga i kommunen vår. Kva skjer om vatnet i eit heilt område blir borte, eller ikkje kan brukast? - Det er det naudvatn-prosjektet me skal i gong med over nyttår handlar om. — Når vatn i eit av våre forsyningsområde fell bort eller ikkje kan brukast, må me ha eit alternativ som fungerer, fortel Odd Petter Habbestad, drifts- og prosjektleiar i BVA. — Det er strenge forskrifter for korleis dette skal gjerast, det skal mellom anna vera eit heilt uavhengig system som ikkje er i bruk utanom i naudsituasjonen. Interkommunalt samarbeid— Me skal kunna ha på plass naudvatn kort tid etter at ei hending har inntruffe, seier Habbestad. — Utstyr for slik beredskap er kostbart og difor er…
Les meir
Kor blei det av matfeittet?Fuglane veit!

Kor blei det av matfeittet?Fuglane veit!

Artiklar
Våre vener småfuglane kan også feira jul med ekstra god julemat dersom du blandar matfeittet saman med frø, gryn og nøter og legg det ut! Me kan vel trygt slå fast at det blir ei annleis jul i år. Lite er vel meir tradisjonstungt enn jule- og nyårsfeiringane her i Noreg. 2020 skal også avsluttast på tradisjonelt vis, men i år blir det med pålagde og tilrådde restriksjonar. Nesten ingenting slår den gode kjensla av lukta frå pinnekjøt og ribbe. Det kan me heldigvis oppleva også denne jula, og me får håpa at det blir høve til å møtast med våre næraste til god mat og drikke. - Og kjenna på det gode me har ilag. Det skumle matfeittetDei himmelske julemiddagane har ofte ekstra feite restar. Har du tenkt over…
Les meir
Etterslep i vatn- og avløps-Noreg

Etterslep i vatn- og avløps-Noreg

Artiklar
Det er investert i topp teknologi og gode produksjonsanlegg i BVA. Her ser me inn i anlegget i Åreiddalen. NRK skreiv allereie før kommunevalet i 2019 at prislappen for etterslepet av vatn- og avløpsanlegga i Noreg vart på svimlande 390 milliard kroner. - Korleis står det til i Bømlo, undrar me… — For å forstå situasjonen i Bømlo må me sjå tilbake på det som har skjedd tidlegare, kan dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker, fortelja. Historia i BømloDet var over tretti private vassverk på Bømlo, og dei var bygde med ein enorm dugnads­innsats. Det har vore eit uvurderleg grunnlag både praktisk og økonomisk for det som i dag er BVA. Dersom ein skulle bygd ut det som var på plass då først Bømlo kommune, og seinare BVA, i si…
Les meir
God natt, sov godt, me spyler røyra imens!

God natt, sov godt, me spyler røyra imens!

Artiklar
Jan Roar Grutle og Trond Åsmund Sandnes har rigga alt klart for pigging, ventar berre på at dei to i andre enden skal stenga av alle forgreiningar og gjera klar til å kjøra piggane gjennom. Det er mørkt, klokka har passert 23.00 og dei fleste av oss er på veg i seng. - Det skin eit lys i mørkret ein stad på Svortland, og me skimtar ei kvit vogn med open dør. I det me kjem bort ser me to BVA-karar i sving inni og utanfor vogna. — Drikkevatnet som går gjennom røyrane våre er reint. Likevel avleirar det seg over tid litt belegg på innsida, og det fjernar me frå tid til anna, forklarar Jan Roar Grutle. Han er i ferd med å «lada» det mange kallar «pluggar» inn…
Les meir
Stenging Moster natt til onsdag 25.nov

Stenging Moster natt til onsdag 25.nov

Driftsmelding
På grunn av utspyling på vassnettet blir vatnet stengd på Moster tirsdag 24. nov. 2020, mellom kl 22:00 og 06:00. Deler av vassnettet er trykksett under utspyling, så det er viktig at det ikke blir brukt vatn i denne perioden! Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana, på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53428845. BVA beklagar ulempene dette medfører!
Les meir
Stenging Klæret/Stavland fredag 20. nov

Stenging Klæret/Stavland fredag 20. nov

Driftsmelding
På grunn av utspyling på vassnettet blir vatnet stengd på Klæret/Stavland fr. 20. nov. 2020, mellom kl 08:30 og 14:30. Deler av vassnettet er trykksett under utspyling, så det er viktig at det ikke blir brukt vatn i denne perioden! Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana, på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53428845.
Les meir
Stenging Klæret/Stavland torsdag 19. nov

Stenging Klæret/Stavland torsdag 19. nov

Driftsmelding
På grunn av utspyling på vassnettet blir vatnet stengd på Klæret/Stavland to. 19. nov. 2020, mellom kl 08:30 og 14:30. Deler av vassnettet er trykksett under utspyling, så det er viktig at det ikke blir brukt vatn i denne perioden! Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana, på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53428845. BVA beklagar ulempene dette medfører!
Les meir
Stenging Leite natt til tysdag 17. nov

Stenging Leite natt til tysdag 17. nov

Driftsmelding
På grunn av utspyling på vassnettet blir vatnet stengd på Leite mandag 16. nov, mellom kl 22:00 og 06:00. Deler av vassnettet er trykksett under utspyling, så det er viktig at det ikke blir brukt vatn i denne perioden! Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana, på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53428845. BVA beklagar ulempene dette medfører!
Les meir