Skittent vatn torsdag 21 mai – oppdatert mandag 25. mai

Oppdatert mandag 25. mai; Det er fortsatt ein del av våre kundar som har brunt vatn etter arbeidet på onsdag i førre veka. Dette skyldas vatn som ligg i stikkleidningar og som fortsatt ikkje er spylt ut. Dette tar dessverre tid når området er så stort. Vatnet er trygt å drikke, og har du fortsatt brunt vatn rådar me fortsatt til å spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset.

Informasjon torsdag 21. mai; På grunn av arbeid på vassleidning onsdag 20. mai opplever mange av våre kundar brunt vatn i områda Åreiddalen, Onglavik, Røyksund, Høvringevik, Totland og Moster. Våre driftsoperatører er ute og jobber med saka. For å få bort det brune vatnet må ein spyle godt ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset.

For spørsmål ta kontakt på vakttelefon 53 42 88 45. Beklagar ulempene dette medfører.