Lag på lag med røyr

Arbeidet på Arhaugen i Rubbestadneset våren 2018 var utfordrande med mykje krinkelkrokar.

Vatnet skal heim til deg, og du skal kvitta deg med det. Du tenkjer nok ikkje på det til dagleg, men måten røyra ligg i grøfta påvirkar tryggleiken din.

Når me legg røyr, så vert desse lagt i tre ulike nivå, med drikkevatnet i det øvste laget, avløpet i midten og overvatn (regnvatn som vert leia bort) nedst.

Dette har vore standard hos oss på Bømlo sidan 2015 og er eit av mange tiltak for reint og trygt vatn.

Viktig å halda vatnet reint
– Når me gjer det på denne måten hindrar me at det kan komma avløpsvatn i drikkvatnet, fortel Odd Petter Habbestad i BVA.

– Skulle det verta leidningsbrot både på vassrøyret og avløpsrøyret, så vil ikkje avløpsvatnet kunne trengja inn i vassforsyninga, seier han.

Meir effektiv bygging
Kostnaden i sjølve bygginga vert sannsynlegvis høgare ved å grava djupare grøfter. Men Odd Petter estimerer at totalkostnaden vert om lag den same, for det blir mykje meir effektiv bygging ved påkopling og ombygging i etterkant.

– Før låg alt på same nivå, og då var det meir utfordrande å ha kontroll på lekkasjar. I dag vert alle nye anlegg bygd med røyr i tre nivå, fortel Odd Petter.

Eldre standard
Røyr i tre nivå er ikkje gjennomført som formell standard, men BVA bygger nye anlegg på denne måten.

– Det er difor fleire område på Bømlo som følgjer den gamle standarden, men eg trur det kjem til å bli enno strengare formelle krav til dette i framtida. Då er det godt at me på Bømlo har vore tidleg ute, seier Odd Petter.

Vårt viktigaste tiltak
BVA har mange tiltak for å sikra vatnet som kjem ut i springen til bømlingane.
Alle tiltak er viktige, men det er eit som skil seg ut.

– Lekkasjekontroll er framleis det viktigaste tiltaket me har, seier Odd Petter.
Får me lekkasje og alt ligg på samme nivå er det særleg utfordrande å ha kontroll.

Lekkasje i over tretti år
Som eksempel på ein lekkasje trekker Odd Petter fram ei historie frå Foldrøy.

– I 1981 vart det lagt ned nye pvc-røyr på ei strekning på Foldrøy. Då me gjorde ei oppgradering på staden i 2013 såg me at skøyten mellom to røyr var dårleg, og at det var ein lekkasje der.

Lekkasjen har mest truleg stått sidan røyret var heilt nytt, og totalt har det leke om lag 500 000 000 liter med vatn i denne vesle lekkasjen.

– Og ingen har merka det, eller klaga på trykket. Vassmenga er nok til 300 men­neske i året, seier Odd Petter.

Med dagens overvaking får BVA tetta dei små lekkasjane før dei blir store.

Overvaking av avløpsvatnet
I samarbeid med ulike leverandørar, ser BVA også på korleis avløpssystemet kan bli betre overvaka. I fyrste omgang handlar det om å laga soner som kan overvakast kvar for seg.

– Med eit slikt system får me kontinuerleg overvaking også på avløpssida, seier Odd Petter.

Då blir BVA i stand til å finna og stoppa lekkasjar på avløpsnettet på eit mykje tidlegare tidspunkt, og ta enno betre vare på vår vakre natur.