Heimelaga skeiseis

Når kuldegradene kjem inn over Kanalen rår dugnadsånda i bygda. Ungane kan knapt venta…no blir det skeiseis!

Henning, Knut, Jakob, Sunniva og Mathilde kosar seg på isen.

I meir enn ti år har finnåsingane laga skeisebane på Kanalen. Frode Grønnevik er ein av dei som har vore med lengst og kan fortelja at det var Helge Larsen som hadde ideen. Han fekk med seg nokre ildsjeler, og no er dei ein stor dugnadsgjeng.

God dugnadsånd
– Me er avhengige av god dugnadsånd for å få det til. Me skrur saman ei ramme, og fyller på med vatn. For at ungane skal få skeiseis må faktisk nokon også jobba med isen på nattestid, seier Grønnevik.
Gjengen på Kanalen har hatt mange kjekke sosiale stunder på og utanfor isen. Pølser frå bålpanna passar veldig fint i pausen under hockeykampen, og fleire gangar har husmorlaget stilt med boller og kakao.

… og støtte frå næringslivet
«Eirikjen på Sagå , Montér, Joker Finnås og Finnås Auto har alle vore viktige støttespelarar.
– Det er veldig kjekt at næringslivet sponsar oss med delar av material og utstyr som me treng. Sjølve stiller me med traktor, brøyteskjer og mannskap til å gjera jobben, seier Grønnevik.
Dei oppfordrar også finnåsingane til å legga igjen pantelappane sine på lokalbutikken, slik at pengane kan brukast på vedlikehald av banen.

God dialog med BVA
Dialogen med BVA er viktig i prosjektet, og Grønnevik er klar på at det ikkje vert laga til skeisebane utan at det er avklart med BVA på førehand.Me ringer alltid til BVA før me startar dugnaden, for å spørja om lov til å
bruka vatn.

Til glede for mange
– I fjor ringte Gilje skule og ville ha ein aktivitetsdag på isen, og det blei ein kjempedag, fortel Grønnevik.
Også Våge skule brukar skeisebanen flittig når den er laga til.
– Ja, her kan ungane kosa seg på skeise­isen, og det er ingen fare for at nokon fell gjennom isen og druknar. – Me gler oss til kuldegradene kjem i vinter! avsluttar han.