God jul(eførebuing)

Jula er ei magisk høgtid for store og små!

Plutseleg er det tid for jule­førebuinga igjen! Påminninga er nærast blitt ein tradisjon… Du går inn på lokalbutikken og alt er jul!

Handlelappen er forlengst plassert ned i jakkelomma, og instinktet har tatt overhand. Julebrunost, julegodteri, julegraut, julesylte, pinnekjøt og adventskalender. Akkurat det du skulle ha i dag…?

Eigentleg kjennest det lenge til jul, men tanken forsvinn fort når du køyrer heim frå butikken og Maria Carey rungar frå radioen med «All I want for Christmas is you»

Vel heime, sofaen er innteken, og etter ei lita pause frå julesjokket set du på fjern­synet. I det du trur reklamepausen er over, kjem den kjente og kjære julenissen i Coca-Cola-lastebilen sin. Juleførebuingane har starta!

Sjølv om tempoet inn mot høgtida kan kjennast litt høgt for nokon og ein kvar, er det mykje å setta pris på.

Nesten ingenting slår den gode kjensla av lukta av pinnekjøt og ribbe. Me har det godt!

Men har du tenkt over kva du skal gjera med alt feittet etter middagane?

Avløpet tek villig i mot feittet anten du kastar det i vasken med ein god dose vaske­middel, eller om du tømmer det i do.

Men gjer du det, kan det få store konsekvensar. I verste fall kan avløpsrøyra dine tetta seg slik at kloakken går feil veg – og det er ein lite triveleg måte å feira jula på…

For å unngå dette kan du følgja tipsa nedanfor. God jul – når den kjem!

Slik kan du kvitta deg med matfeitt

-Etter julemiddagen avkjøler du feittet så det stivnar. Skrap det ut og tørk med kjøkkenpapir. Kast feitt og papir i bioavfallet.

-Større mengder flytande olje heller du i ein tom mjølkekartong, teip den igjen og kast den i restavfallet.

-Når du steikjer middag, så gjer det til ein vane å alltid tørka av steikepanna med kjøken­papir når du er ferdig. Då er det også lettare å vaska den etterpå.

-Smultringbaking kan gje deg ein stor rest med matfett. Hiv det i bioen, eller hell det i ein mjølke­kartong, ha i solsikkefrø, havregryn, mandlar og hasselnøtter og vips så har du julemat til småfuglane! Lag nokre hol i kartongen og stikk i ein pinne dei kan kvila seg på, før du heng det ut.