Millionsatsing på Moster

Arbeidet på Naustbakken er godt i gong.

BVA har sett i gong eit stort arbeid i Mostraområdet for å betra leveringstryggleiken for vatn i området. – Før sommaren til neste år skal me kunna levera vatn frå to sider, seier prosjektleiar Odd Petter Habbestad i BVA.

BVA har sett i gong eit stort arbeid i Mostraområdet for å betra leveringstryggleiken for vatn i området. – Før sommaren til neste år skal me kunna levera vatn frå to sider, seier prosjektleiar Odd Petter Habbestad i BVA.
– I dag har me ei einsidig vassforsyning, og skjer det noko på leidnings­nettet frå Skimmeland og ned mot Mosterhamn blir dei utan vatn, fortset Odd Petter.

No ordnar BVA dette og arbeidet er allereie starta. Prosjektet har ein prislapp på 12 millionar kroner, og skal vera ferdig i juni 2020. Totale investeringar i BVA er om lag 15 millionar kroner årleg, så me forstår at dette er eit stort prosjekt.

Godt rusta på Moster
Odd Petter er klar på at dette er ei viktig investering. I følge hovudplanen som er vedteken av kommunestyret skal område med fleire enn 200 personar ha vassforsyning frå to plassar. Enten frå ringleidning eller via høgdebasseng. Det er det me i BVA jobbar med no.

Tosidig vassforsyning
I dette prosjektet blir det laga tosidig vassforsyning med sjøleidning frå Naustbakken over til Serklau, og lagt sjøleidning over til Spissøy slik at dei også får betre vassforsyning enn i dag.

– Når me er i mål med dette, vil det bli ei veldig god vass­forsyning til Mosterhamn, fortel Odd Petter. – Blir det brot på hovud­tilførselen, så har dei likevel tilgong på vatn.

I tillegg til nye leidningar vert det plassert målestasjonar på Naustbakken, Serklau og Skimmeland.

Sikra vatn til brannvernet
At brannvern er viktig veit me, sjølv om dei fleste ikkje går rundt å tenkjer på det.
– Oppgraderinga på Moster gir sikrare til­førsel av sløkkevatn og det blir fleire punkt for brannvesenet å kopla seg på. Dette betrar arbeidsvilkåra deira betrakteleg, seier Odd Petter.

God dialog
Prosjektet er synleg for bebuarane, særleg dei som held til på Naustbakken.

– Det blir redusert framkomst til eige­dom­ane på Naustbakken, men me kjem til å laga ein mellombels parkeringsplass. ­Enkelte dagar må bebuarane parkera ovanfor anlegget.

Me har gjennomført fleire informasjons­møte og ønskjer å halda ein god dialog med bebuarane, forklarer Odd Petter.

Oppgradering av området
På Naustbakken blir det lagt ny asfalt, vegen vert breiare, og det blir sett ned nye kummar. Delar av pumpeleidningane skal også leggast om, og det blir teke høgde for moglege framtidige utbyggingar på Moster.

– Me kjem også til å laga klart for ei fram­tidig vassforsyning mot Gassasundet, fortel Odd Petter. Der er det ikkje vassforsyning i dag.

Neste sommar står prosjektet ferdig. Då vil Mostringane ha god og sikker vasstilførsel, auka brannvern og det er klargjort til fram­tid­­ige­ utbyggingar.

Ei investering for framtida

Tommy Bjørnevik frå Moster synes prosjektet er flott og naudsynt.

Millionsatsinga er godt nytt for bebuarane på Moster, ja det er heilt topp! seier Tommy Bjørnevik.

Tommy Bjørnevik jobbar som ambulansesjåfør og har budd på Hesta­vollen på Moster i ni år. Han ser absolutt verdien i prosjektet.

– Me er veldig avhengige av tilgang til vatn. Eg og familien reiser ein del på hytta og der har me ikkje vatn. Det er først når du må gå i fem minuttar i ausande regnvêr for å henta vatn, at du verkeleg kjenner gleda av å ha vatn lett ­tilgjengeleg, ler Bjørnevik.

Auka brannvern viktigast
– Eg tenkjer at det viktigaste i prosjektet er betra brannvern. At det alltid er tilgong på vatn om det skulle oppstå ein brann, ja det kan berga liv og heimar. Det står om minuttar då, seier ambulansesjåføren.

Prisen for å gå framover
BVA opplever å ha god kontakt med bebuarane på Moster. Det er særleg dei som bur på Naustbakken som blir påverka av prosjektet. Der vil det bli mest synleg og enkelte gongar avgrensa framkomst til eigedommane. Tommy ser at dette vert naudsynt.

– Eg trur ikkje byggeperioden vil få konsekvensar for meg personleg, men i såfall er det ein liten pris å betala for å gå framover. Så lenge ting er forbigåande og godt forklart, så går det an å planlegga, seier han.

Han er godt nøgd med informasjonen som kjem frå BVA.

– Eg synast BVA er flinke til å nytta seg av sosiale media og andre kanalar for å nå ut med viktig informasjon til kundane. Me treng ikkje uroa oss når ting ikkje virkar, for det er stort sett annonsert før det skjer, avsluttar han.