I dag er det «Verdas toalettdag»

Kastar du q-tips eller plast­emballasje i do? Då hamnar det enten i havet eller i grøfta.

Alt for mykje avfall vert kasta i toaletta, og konsekvensen vert tette leidningar og overfløyming hos deg eller andre stadar i avløpssystemet, auka rotteplager og forureining av naturen.
Mykje av avfallet som blir kasta i do hamnar i naturen eller i havet. Du kastar ikkje våtserviettane på sjøen – men hiv du dei i do? Resultatet er det same!
Sett ei avfallsbøtte på badet og bruk den. Det er berre tiss, avføring og dopapir som skal i toalettet.

God tilgong i Norge
I dag har alle innbyggjarne i Norge tilgang til gode sanitærfolhold både heime, på jobben og på skulen.
Avløpsvatnet vert frakta vekk og reinsa før det blir sloppe ut i naturen. Dette er avgjerande for å hindra sjukdomsspreiing i befolkninga og forureining av naturen.
Dei gamle grekarane hadde ikkje like gode sanitæropplegg som me har i dag, men allereie i bronsealderen fanst det avanserte system.

Vassklosett i bronsealderen
Har du feriert på Kreta, har du kanskje besøkt den arkeologiske staden Knossos.Her hadde dronninga eit vassklosset ved sida av badet i palasset. Det var eit sete over avløpet som blei spylt med rennande vatn.

Klima og økonomi
Kalde vintrar og økonomi var nokre av grunnane til at det ikkje vart bygd vassklosettsystem her til lands før på 1900-talet.
I samband med attreising av Ålesund etter bybrannen i 1904 starta den første systematiske overgangen til vassklosett.
Oslo kom litt seinare og i dag er det ein sjølvsagt del av kvardagen vår, men slik er det slett ikkje for alle i verda.

Den internasjonale toalettdagen
Den 19. november set FN fokus på sikre sanitærforhold for alle. 2,3 milliardar menneske har ikkje tilgong til tilfredsstillande sanitære forhold.
Utan gode sanitærtenester kan vatn lett bli forureina, og sjukdommar som kolera, dysenteri og tyfoid kan spreiast raskt.
Verdas helseorganisasjon seier at tilgong på reint vatn, sanitærtenester og god hygiene kan redusera globale sjukdommar med over ti prosent.

Skal sikra reint vatn
FN sine berekraftsmål seier at alle skal ha tilgong til sanitærtenester og reint vatn innan 2030. Det gjeld uansett kvar du er.
For menneske driven på flukt er dette eit særleg prekært behov.

Gjer ein forskjell!
Sjølv om me i Norge har god tilgong på sanitærtenester, har me ansvar for kva me kastar i toalettet.
Det er eit problem som alle kan vera med å gjera noko med. Tenk deg om før du kastar bommulspinnar eller våtserviettar i do:
Hadde du kasta dei i naturen?
Og du: Visste du at det er fleire personar i verda som har mobiltelefon, enn tilgong
til toalett..?