Vasspest i vatn på Bømlo

Fire svanar på leit etter mat i Erlandsvatnet, og kring dei veks vasspesten og alger.
Foto: Leiv Ersland

Vasspest og smal vasspest er planter som er oppdaga i to vatn på Bømlo: Erslandsvatnet og Bergesvatnet. Me må unngå vidare spreiing!

Kva er og gjer vasspest?

Vasspest er ei amerikansk plante som ikkje høyrer heime i Noreg. Den er svartelista og har høg risiko for økologiske skadeverknader. Du kjenner igjen vasspesten på at den har bladkransar og stengel forma som pipereinsarar.

Vasspesten har bladkransar og stengel forma som pipereinsarar.
Foto: Christian Fisher CC-lisens.

Planta veks under vatn og står oppreist. Ho gjer at vatn gror igjen, algevekstar får veksa på vassoverflata og vatnet ser grumse ut. Andre vassplanter blir lett fortrengt av vasspesten og det er registrert skadeverknadar på det biologiske mangfaldet der vasspesten har etablert seg.

– Plantene kan opptre i så tette bestandar at den gjer det vanskeleg å komma fram med båt, fiske og anna fritidsbruk av vatn, seier Jarle Steinkjer, seniorrådgjevar i Direktoratet for naturforvaltning.

Særleg utfordrande er det om vasspest spreier seg til vatn som er drikkevasskjelde.

Korleis spreier vasspest seg?

Avleggjarar og små plantedelar gjer at vasspest spreier seg i vatn og vidare til andre vatn på båtar og reiskapar som har vore sett ut i vatnet. Vasspest er også ei populær akvarieplante og utslepp frå akvarium kan gjera at den svartelista arten kjem ut i bømlanaturen. I Norge er det forbode å importera, omsetja, halda og setja ut vasspest og smal vasspest.

Kva kan eg gjera?

Når planta først er komen i eit vatn, så er den nesten umogleg å få utrydda. Det er difor viktig å hindra vidare spreiing. Landbrukskontoret i Bømlo kommune melder:

Båtar, kanoar og liknande som blir brukt i infiserte vatn må ausast heilt tomme, også nede i kjølen. Det er viktig at båtane blir vaska reine for planterestar og får tørka grundig. Utstyr, klede, tauverk og fiskereiskapar som garn, slukar og anna må også vaskast for planterestar og tørkast grundig før det vert brukt andre stader.

Det skal lite til før planta spreier seg, så det er svært viktig at bømlingane følgjer påboda.