Stenging Åsen 28.nov

Stenging Åsen 28.nov

Driftsmelding
På grunn av arbeid på vassledning på Åsen blir vatnet stengt, torsdag 28. nov. 2019 mellom kl. 08:30 og 14:00. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvannskranen, på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg!
Les meir
Millionsatsing på Moster

Millionsatsing på Moster

Artiklar
Arbeidet på Naustbakken er godt i gong. BVA har sett i gong eit stort arbeid i Mostraområdet for å betra leveringstryggleiken for vatn i området. – Før sommaren til neste år skal me kunna levera vatn frå to sider, seier prosjektleiar Odd Petter Habbestad i BVA. BVA har sett i gong eit stort arbeid i Mostraområdet for å betra leveringstryggleiken for vatn i området. – Før sommaren til neste år skal me kunna levera vatn frå to sider, seier prosjektleiar Odd Petter Habbestad i BVA. – I dag har me ei einsidig vassforsyning, og skjer det noko på leidnings­nettet frå Skimmeland og ned mot Mosterhamn blir dei utan vatn, fortset Odd Petter. No ordnar BVA dette og arbeidet er allereie starta. Prosjektet har ein prislapp på 12 millionar kroner, og…
Les meir
I dag er det «Verdas toalettdag»

I dag er det «Verdas toalettdag»

Artiklar
Kastar du q-tips eller plast­emballasje i do? Då hamnar det enten i havet eller i grøfta. Alt for mykje avfall vert kasta i toaletta, og konsekvensen vert tette leidningar og overfløyming hos deg eller andre stadar i avløpssystemet, auka rotteplager og forureining av naturen. Mykje av avfallet som blir kasta i do hamnar i naturen eller i havet. Du kastar ikkje våtserviettane på sjøen - men hiv du dei i do? Resultatet er det same!Sett ei avfallsbøtte på badet og bruk den. Det er berre tiss, avføring og dopapir som skal i toalettet. God tilgong i NorgeI dag har alle innbyggjarne i Norge tilgang til gode sanitærfolhold både heime, på jobben og på skulen. Avløpsvatnet vert frakta vekk og reinsa før det blir sloppe ut i naturen. Dette er avgjerande…
Les meir
Vasspest i vatn på Bømlo

Vasspest i vatn på Bømlo

Artiklar
Fire svanar på leit etter mat i Erlandsvatnet, og kring dei veks vasspesten og alger. Foto: Leiv Ersland Vasspest og smal vasspest er planter som er oppdaga i to vatn på Bømlo: Erslandsvatnet og Bergesvatnet. Me må unngå vidare spreiing! Kva er og gjer vasspest? Vasspest er ei amerikansk plante som ikkje høyrer heime i Noreg. Den er svartelista og har høg risiko for økologiske skadeverknader. Du kjenner igjen vasspesten på at den har bladkransar og stengel forma som pipereinsarar. Vasspesten har bladkransar og stengel forma som pipereinsarar. Foto: Christian Fisher CC-lisens. Planta veks under vatn og står oppreist. Ho gjer at vatn gror igjen, algevekstar får veksa på vassoverflata og vatnet ser grumse ut. Andre vassplanter blir lett fortrengt av vasspesten og det er registrert skadeverknadar på det biologiske…
Les meir