Vatnet som Olav den Heilage drakk på Bømlo

Olavskjelda på Moster
Segna vil ha det til at Heilag Olav fekk grave seg ei kjelde på Moster og denne ligg bak Moster Amfi.
Dersom du går frå Moster Amfi og mot Dalanesvegen ser du ein plakat som fortel litt om denne kjelda.

Pilegrimane drakk frå olavskjeldene
Me var nysgjerrige på dette og tok difor kontakt med ei som kjenner godt til Moster si historie, mangeårig guide i Moster Amfi, Turid Anglevik.
– Det vert fortalt at då Olav den Heilage var her, drakk han frå denne kjelda, og dermed har den blitt kalla Olavskjelda. Det er mange slike kjelder i Norge, og særleg er desse knytt til pilegrimsleiene. Kystpilegrimsleia går mellom Stavanger og Trondheim og er innom Moster. Pilegrimane som kjem hit får omvising og Olavskjelda er ein del av denne rundturen, seier ho.

Kjelda vart øydelagt – og restaurert
Under andre verdskrigen vart kjelda øydelagt og ho vart laga til ei stor kjelde med støypt lok. Støttelaget for gamle Mostrakyrkja restaurerte kjelda i 1994, slik gamle folk hugsa ho var. I dag ser me berre så vidt kjelda, då ho er stengt igjen med eit gitter, slik at ikkje folk skal falle ned i ho.
Kanskje me ikkje kan lova deg helbred og lækjedom av Bømlavatnet du tappar frå BVA-nettet, men friskt, reint og sunt er det i alle fall!