Kva skal du betala i gebyr?

No er det enklare for deg å finna ut kva du skal betala for vatn og avløp på Bømlo.

Betala etter forbruk eller areal
Nokre privatkundar har vassmålar, men dei fleste betalar for vatn og avløp basert på husstorleik. For å gjer det enklare for desse kundane har me no laga ein gebyr­kalkulator som ligg på nettsida vår, bva.no.

Fire faktorar som bestemmer gebyret
Du svarar på fire enkle spørsmål og då får du vita kva som er den månadlege summen du skal betala.
Dei fire spørsmåla handlar om storleiken på husværet (under 80 m2, mellom 81-350 m2 og over 351 m2), om du har vatn og / eller avløp frå BVA og om du har hybelleilegheit i huset ditt.
Gjennomsnittskunden
Gjennomsnittskunden vår har husvære mellom 81 og 350 m2, er påkopla offentleg vatn og avløp, og har ikkje hybelleilegheit. Desse kundane betalar 880 kroner i månaden, noko som er ein nedgang på 4% frå 2017.

Feil storleik på huset?
Me hentar ut informasjon om huset ditt frå eigedomsregisteret (matrikkelen). Dersom informasjonen der ikkje er korrekt kontaktar du Bømlo kommune slik at dei kan retta det.

Vassmålar – betaling etter forbruk
Dersom du ønskjer kan du montera vassmålar, og heller betala etter forbruk. Du tek då kontakt med ei autorisert røyrleggjarbedrift som installerer denne for deg. Kostnaden med installasjonen er det abonnenten sjølv som betalar.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål.