– Utan vatn blir me slitne

Bømlo MJ9: Bak f.v. Regine, Anna, Sandra, Alessia-Maria og Senay. I midten Lina Anneli og Josefine. Framme Randi.

– Me blir trøytte og slitne om me ikkje drikk vatn når me spelar kamp. Reint vatn er det viktigaste i livet, og det er sunt og godt, fortel jentene.

Må drikka nok vatn
Då me møtte dei var det fotballkamp mellom Bømlo og Moster på Langvåg. På banen spring åtte glade og energiske jenter.
Dei er midt i oppvarminga, og på kampdag er det ein ting dei ikkje gløymer:
– Me må drikka masse vatn! Drikk me ikkje vatn når me spelar kamp, blir det ein ørken inni oss. Me tørkar inn. Og når me skal vaska oss på hendene, er det også viktig med reint vatn, seier 3. klassejentene.

Full kontroll
Dei veit godt kva vatn som kan drikkast, og kva dei skal styre unna.
–Drikkevatn er vatn som kjem frå springen. Ikkje drikk saltvatn for det smakar pyton, ler dei.
Vasskrig
Det er mykje som er kjekt med vatn, men det aller kjekkaste er dei veldig samde om:
– Vasskrig! Ein gong så spylte ein av ­pappaene på oss då dei vaska på idretts­anlegget. Det var kjempebra, for det var veldig varmt den dagen, og me trong å kjøla oss ned, seier niåringane.
Forutan vasskrig kan det friska Bømla­vatnet nytast på andre kjekke måtar.
– Vatn er godt, me kan kasta vassballongar på kvarandre, me kan bada og det liknar på brus, ler dei.

Løysingsorienterte jenter
Om nokon gløymer drikkeflaska si heime så er ikkje det noko problem. Då hjelper dei kvarandre.
– Me drikk frå springen i garderoben, og me deler på vatnet me har med oss. Er det nokon som har gløymt drikkeflaska, så fyller dei som har flaske, vatn i korken. Då kan dei som ikkje har flaske drikka av den, fortel dei.

Fekk bømlavatnflasker
Alle jentene fekk utdelt kvar sine bømla­vatn­flasker som dei kan nytta på treningar og kampar framover.
– Dei er kjempefine og me kan ha mykje vatn i dei, ropar fotballjentene i kor.
Under kampen såg ikkje niåringane trøytte og slitne ut, sjølv i sterk vind. Dei har nok fått i seg godt med Bømlavatn.