Nye vann og avløpsledningar frå Stokkabekkvegen til Ekornvika

Nye vann og avløpsledningar frå Stokkabekkvegen til Ekornvika

BVA har nå i haust ferdigstilt prosjektet med nye vann og avløpsledningar frå Stokkabekkvegen til Ekornvika. I forbindelse med dette arbeidet var vegen ned til sjøen utvida og oppgradert. Bakgrunnen for prosjekter var å skifte ut gammal dårleg vassleidning / kummar mellom fylkesveg og uti sjøen. Leidningsnettet er i tillegg dimensjonert opp for å ta høgde for auka forbruk i framtida og er ein del av ny overføringsnett Hollundsvatnet VBA og Åreid VBA. Ein anna positiv effekt av prosjektet er at området frå Mækjebakken og til kapellet i Folderøy får godkjent brannvassdekning (meir enn 20 l/sek. ). Vedlagt er det…
Les meir

Stenging Totland 26.9

På grunn av arbeid på vassleidning på Totland, blir vatnet avstengt torsdag 26. sept frå kl. 08.30 til kl. 12.00. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg!
Les meir

Stenging Selvåg 18.09

På grunn av arbeid på vassleidning på Selvåg, blir vatnet avstengt frå kl. 08.30 til kl. 14.00 onsdag 18.09. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg.
Les meir
Kva skal du betala i gebyr?

Kva skal du betala i gebyr?

No er det enklare for deg å finna ut kva du skal betala for vatn og avløp på Bømlo. Betala etter forbruk eller arealNokre privatkundar har vassmålar, men dei fleste betalar for vatn og avløp basert på husstorleik. For å gjer det enklare for desse kundane har me no laga ein gebyr­kalkulator som ligg på nettsida vår, bva.no. Fire faktorar som bestemmer gebyretDu svarar på fire enkle spørsmål og då får du vita kva som er den månadlege summen du skal betala. Dei fire spørsmåla handlar om storleiken på husværet (under 80 m2, mellom 81-350 m2 og over 351 m2),…
Les meir
Vinnarbildet kåra

Vinnarbildet kåra

I sommar har me hatt fotokonkurranse og det kom inn om lag 80 bilde frå både inn- og utland.  Vinnarbildet var det Gunhild Meling som knipsa. Serina (1 1/2 år) står utanfor ei tømmerhytte som truleg er frå 1600-tallet, på Mjonøy i Vinje kommune. Flaska vart fylt opp av friskt Bømlavatn før dei la på veg over fjellet. - Eg såg i FRISKT at eg kunne få Bømlavatnflaske, så eg stakk innom hos BVA i sommar, seier Gunhild. - Dette er første gongen eg deltek i ein fotokonkurranse, så det var ekstra kjekt å vinna! Me gratulerer Gunhild med vinnarbildet, og…
Les meir
– Utan vatn blir me slitne

– Utan vatn blir me slitne

Bømlo MJ9: Bak f.v. Regine, Anna, Sandra, Alessia-Maria og Senay. I midten Lina Anneli og Josefine. Framme Randi. – Me blir trøytte og slitne om me ikkje drikk vatn når me spelar kamp. Reint vatn er det viktigaste i livet, og det er sunt og godt, fortel jentene. Må drikka nok vatnDå me møtte dei var det fotballkamp mellom Bømlo og Moster på Langvåg. På banen spring åtte glade og energiske jenter.Dei er midt i oppvarminga, og på kampdag er det ein ting dei ikkje gløymer:– Me må drikka masse vatn! Drikk me ikkje vatn når me spelar kamp, blir det ein…
Les meir

Stenging Aga torsdag 5. september

På grunn av arbeid på vassledning på Aga, blir vatnet stengt torsdag 5. september mellom klokka 08.30 og 14.30. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg.
Les meir