Vatn – ei mangelvare?

Det er nok ferskvatn på jorda til alle, men likevel manglar over to milliardar menneske tilgang på reint vatn heime.

Då me fekk kokevarsel på Bømlo for nokre år sidan blei kvardagen vår med eitt litt meir tungvint. Eit kaldt og leskande glas vatn blei brått ikkje så tilgjengeleg – det måtte jo både kokast og kjølast ned igjen. Heldigvis var det «falsk alarm» og kokepåbodet blei oppheva etter nokre dagar.

Dagleg kamp
For mange lokalsamfunn i verda er ikkje tilgangen på reint vatn eit praktisk problem som går over, men ein dagleg kamp for liv, helse og vekst.
Fleire døyr i dag av sjukdom relatert til mangel på vatn, slik som diaré, enn av krig. Aktivt arbeid for å gje reint vatn og gode sanitærforhold til alle er difor viktig, og det er eit av FN sine definerte berekraftmål.

To internasjonale dagar
For å setja fokus på dette viktige arbeidet har FN oppretta to internasjonale dagar. Desse er verdas vassdag 22. mars og verdas toalettdag 19. november. At både vatnet og avløpet er trygt, er kritisk for å byggja gode samfunn. Dei siste åra har skulane på Bømlo markert verdas vassdag.
Det er nok ferskvatn på jorda, men dårleg økonomi og manglande infrastruktur står ofte i vegen for utviklinga.

Kven eig vatnet?
Har du tenkt på det? Kven eig vatnet? Det er både eit økonomisk, politisk og historisk spørsmål. I Norge er dette forholdsvis uproblematisk, for alle har tilgang på reint vatn. Men i mange av konfliktane i verda i dag står kampen om vatnet sentralt. Også i vestlege land.
Tilgang til reint vatn blir sannsynlegvis ei stadig viktigare årsak til krig og konfliktar i framtida. Verdas helseorganisasjon (WHO) anslår at halvparten av befolkninga i verda kjem til å bu i vassbelasta område i 2025.

Menneskerett?
Det har vore diskusjonar om tilgang til reint vatn og trygt avløp kan definerast som ein menneskerett. I 2010 vedtok generalforsamlinga i FN at tilgangen på reint drikkevatn og gode sanitær­forhold er noko enno meir. Det er avgjerande for at også dei andre menneske­rettane skal bli oppfylte. Kampen om ei meir rettferdig fordeling av ressursane er altså grunnleggjande.

Kvinnerettigheitar
Reint vatn og gode sanitærforhold er særleg viktig for å betra forholda for kvinner i utsette delar av verda.
Ofte er det jenter og kvinner som har det tunge ansvaret med å henta vatn til familien, noko som påverkar helsa deira negativt og hindrar deltaking i utdanning og arbeidsliv.
Akseptable sanitærforhold er viktig for å få ein verdig kvardag knytt til kvinneleg hygiene, og for å redusera risiko ved barnefødslar.

Bømlavatnet – av det beste i verda
På Bømlo har me tilgang på eit av Norges beste drikkevatn. Bømlavatnet er altså av det reinaste og beste drikkevatnet som finst i verda.
BVA har ikkje noko rolle i å løysa internasjonale utfordringar, men vil informera og auka bevisstheita på eit viktig tema som angår mange menneske i verda i dag.