Vatn – ei mangelvare?

Artiklar
Det er nok ferskvatn på jorda til alle, men likevel manglar over to milliardar menneske tilgang på reint vatn heime. Då me fekk kokevarsel på Bømlo for nokre år sidan blei kvardagen vår med eitt litt meir tungvint. Eit kaldt og leskande glas vatn blei brått ikkje så tilgjengeleg - det måtte jo både kokast og kjølast ned igjen. Heldigvis var det «falsk alarm» og kokepåbodet blei oppheva etter nokre dagar. Dagleg kampFor mange lokalsamfunn i verda er ikkje tilgangen på reint vatn eit praktisk problem som går over, men ein dagleg kamp for liv, helse og vekst. Fleire døyr i dag av sjukdom relatert til mangel på vatn, slik som diaré, enn av krig. Aktivt arbeid for å gje reint vatn og gode sanitærforhold til alle er difor viktig,…
Les meir
Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Artiklar
Magda Økland har fylt 99-år, men hugsar godt korleis det var med vatn og avløp i gamle dagar. Vatn. Det er lett tilgjengeleg overalt. Me opnar kranen og det friske Bømlavatnet berre renn ut. Slik var det ikkje før. Då Magda vaks opp var vatn tungt arbeid. – Me hadde to vasskjelder heime på garden på Hiskjo, fortel Magda. Ei «matkjelde» og ei «fjos­kjelde», men det var sjeldan me brukte fjoskjelda. Me hadde takrennevatn og ein stor tank som dyra våre fekk vatn frå. Var det tørt lenge, så måtte me bera vatn til dei frå fjoskjelda. Måtte i båt for å vaska kledeI tørkeperiodar med lite vatn i kjelda måtte dei i båt for å vaska klede, men ho har berre gode minner frå det. – Då vart me ungane skikkeleg…
Les meir