Ledningsbrudd Espevær

På grunn av ledningsbrudd i stranda ved Sjøbuneset på Espevær, blir vatnet avstengd til skaden er utbedra. Dersom vatnet er grumse etter tilkoling, spyl med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53 42 88 45.
Les meir
Vasstryggleik på Bømlo

Vasstryggleik på Bømlo

Me i Bømlo Vatn og Avløp har siste veka fått fleire spørsmål om korleis vasstryggleiken er ivaretatt. Her er ei lita oversikt over det me gjer for å sikra trygt vatn på Bømlo. Vassprøvar: Her blir vatn frå Bømlo analysert. Foto: Vegard Røsland Rutinemessige prøvar Me tek rutinemessige prøvar av leidningsnettet og analyserer om lag 1.200 vassprøvar i året. Det vert levert om lag 10 vassprøvar kvar veke til eit uavhengig laboratorium, medan BVA analyserer om lag 10 vassprøvar sjølv. Prøvane vert tekne etter ein godkjent plan, både i vassbehandlingsanlegga og ute på distribusjonsnetta. Produksjon og levering På Bømlo har…
Les meir
Bømlavatnflaska med på tur

Bømlavatnflaska med på tur

Bømlavatnflaskene minner oss om å drikka vatn, og at me har eit av Norges, og verdas beste drikkevatn i kommunen vår. Ta med flaska di på tur, send bilde til oss, og bli med i trekking av premie! Desse flaskene har vore i Furuneset på Rubbestadneset, i Krakow og på Malaga. Kvar tek du med deg di flaske i sommar? Fekk bilde i fjor sommarI fjor sommar fekk me inn nokre bilde frå engasjerte bømlingar som hadde med seg bømlaflaska på tur. Dette var så kjekt, at me gjerne vil sjå kvar du tek med deg bømlavatnet i sommar. Kanskje…
Les meir
Effektiv innovasjon

Effektiv innovasjon

Dette har du kanskje aldri tenkt på før: Treng vassleidningar å gjerast reine inni? Og korleis i alle dagar blir det gjort i så fall? F.v. Trond Sandnes, Jan Roar Grutle og Thor Audun Larsen med «pigge­vogna» som blir brukt for å gjera vassleidningane på Bømlo reine. Foto: Vegard Røsland – Ja, me vil at vatnet skal ha høgast mogleg kvalitet, både med tanke på smak, lukt og utsjånad, seier Trond Sandnes. - Då må me halda vassleidningane i topp stand! Trond er driftsoperatør i Bømlo Vatn og Avløpsselskap og har saman med Thor Audun Larsen og Jan Roar Grutle utvikla…
Les meir

Klorering Espevær 05.06.19

Det er funne bakterie i drikkevatnet på Espevær. Den er ikkje farlig, og vatnet kan brukast som før. For å fjerne bakterien tilsettes det klor som kan merkes på smak og lukt. Ved spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53 42 88 45 eller dagleg leiar 48 95 02 80.
Les meir
Manglar på faktura for mai månad (forfall 1.7.19)

Manglar på faktura for mai månad (forfall 1.7.19)

På utsendte faktura for mai månad, dvs faktura med fakturadato 31.5.19 og forfall 1.7.19 manglar gard- og bruksnummeret til eigedommen. Ynskjer du kopi av faktura med gard- og bruksnummer, så skal me sende det til deg. Ta kontakt med oss på post@bva.no eller 53 42 88 40. Me beklagar ekstra arbeidet dette medfører for deg!
Les meir