Drikka vatn i naturen?

Me tek oss ein tur opp på Siggjo, og møter mange folk på vegen. Dei får spørsmål om dei drikk vatn rett frå naturen.

– Ja, det er heilt trygt, seier fleire me møter. – Så lenge det er rennande vatn, er det trygt å drikka vatn i naturen. Det er i alle fall det me har høyrt frå me var små.

Å få leska seg med friskt vatn rett frå kjelda, er ein stor del av natur­opplevinga for mange. Og vatnet ser svært innbydande og reint ut. Men er det trygt?

Legar advarer om fjellvatn
Den første myta kan me stadfesta: Vatn som er i rørsle er tryggare å drikka enn stilleståande vatn. Dette skuldast at med auka vassutskifting reduserer risikoen for bakterie­oppblomstring. Men du kan ikkje rekna med at det alltid er trygt.

Legar advarer og seier at avføring frå beitedyr, døde fuglar, mus, lemen og andre smågnagarar kan gjera vatnet farleg å drikka. Kadaver og avføring kan gjera vatnet ureint lengre opp enn ein har oversikt, og dermed er det ikkje alltid lett å vita.

Tryggare på Bømlo?
Me tok ein prat med kommuneoverlege Kjersti Helen Follesø for å få lokale råd.

– Du bør vera varsam med å drikka frå bekkane på Bømlo, seier ho. Sidan me er i «låglandet» (enno me synst det er høgt opp på Siggjo!), så har me mindre vassføring og befolkninga er tettare på naturen her enn i fjellet.

– Sjølv drikk eg fjellvatn, men eg vil vera varsam med å drikka ureinsa Bømlavatn. Vurder omgjevnadane og drikk berrre om du er tørst og vurderer risikoen som liten.  Legen seier ho sjeldan får meldingar om personar som er sjuke, der årsaka kan vera forureinsa vatn. Så problemet er nok ikkje så stort, men det hender.

– Personar som har nedsett helse, bør vera ekstra varsame, og berre drikka vatn som er forskriftsmessig reinsa, som vatnet frå BVA, seier ho.


Bekkane på Bømlo er vakre – men tenk deg om før du fyller på flaska di.

Oppmodar til meir bruk av naturen
Anne Beth Njærheim er folkehelse­koordinaror på Bømlo og oppmodar oss til å bruka naturen meir. – Det gjev både energi og gode opplevingar, det å vera ute i friskluft, seier ho engasjert.

– Når det kjem til vatnet, så har me god score på dei offentlege vasskjeldene våre i folkehelse­undersøkinga. Vatnet som er reinsa og kjem frå BVA er godt og friskt. Ho seier at ein bør følgja råda som Mattilsynet og kommuneoverlegen gjev oss.

Kva kan skje?
Vatn i naturen som ikkje er behandla kan ha både bakteriar, virus, parasittar og sopp. Tarmbakteriar (t.d. e.coli.) og harepest er dei vanlegaste årsakene til sjukdom. Desse kan gje oss både magesjau, feber, oppkast og halsbetennelse.

For normalt friske menneske er det svært ubehageleg, men det går som regel over av seg sjølv. Personar som er smitta av harepest vert behandla med antibiotika.

Konklusjonen
Så for å konkludera: Mange drikk av vatnet rett frå naturen på Bømlo utan å bli sjuke. Men det betyr ikkje at det er tilrådeleg. Du veit no kva som kan skje – og det beste rådet frå legen er: fyll opp flaska med reint og friskt Bømlavatn før du går heimefrå!


Fyll heller opp flaska med reint og friskt Bømlavatn før du går heimefrå.