Stenging Urangsvåg 30.3.

Stenging Urangsvåg 30.3.

Driftsmelding
På grunn av utspyling på vassledningane, vert vatnet avstengt lørdag mellom kl 10 og kl 17. Deler av vassnettet er trykksett under utspyling, så det er viktig at det ikkje blir brukt vatn i denne perioden. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling,spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttlf 53 42 88 45.
Les meir
Bømlavatnet er blant Norges beste!

Bømlavatnet er blant Norges beste!

Artiklar
No er det offisielt! Bømlingane har alltid hevda det, og no har ein uavhengig jury kåra Bømlavatnet til eit av Norges beste drikkevatn! Det skjedde i landsfinalen som gjekk av stabelen på kommunalteknikkmessa på Lillestrøm tysdag 5. mars. Vatnet frå Bømlo har konkurrert mot vatn frå heile landet. Det haldt ikkje til siger, men Bømlavatnet er eit av dei ti beste i landet. Finnåsvatnet, ei av drikkevaskjeldene på Bømlo. – Dette er ein veldig flott prestasjon, og me er glade for å ha fått ei så høg plassering, seier ein entusiastisk Audun Halleraker. Han er dagleg leiar i Bømlo Vatn og avløpsselskap (BVA), som produserer drikkevatnet på Bømlo. –Me vant prisen for det beste drikkevatnet på Vestlandet, og det har vore kjekt å komma til finalen i denne konkurransen. Mange…
Les meir
Stenging Goddevegen/Djupedal lørdag 2.3.

Stenging Goddevegen/Djupedal lørdag 2.3.

Driftsmelding
På grunn av utspyling på vassnettet, blir vatnet stengt lørdag 2.mars mellom kl 09.00 og kl 17.00. Deler av nettet er trykksett under utspyling, så det er viktig at det ikkje blir brukt vatn i denne perioden. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset.
Les meir