Endringar i fargen på vatnet

Syns du vatnet i naturen såg ­reinare ut før? Du har heilt rett, det er faktisk ein av dei tinga som var «betre før».


Finnåsvatnet. Foto: Vegard Røsland.

Den synlegaste forskjellen på drikkevasskjelda som er open i naturen, og det vatnet som kjem ut av springen din heime, er fargen. Vatnet heime er blankt, reint og tiltalande – medan vatnet i naturen har ein brunleg tone. Det som gjer det brunt kallar me humus – mold, torv, myr og liknande.

Når planter visnar og rotnar, blir dei omdanna, slik at energien og det verdifulle blir teke vare på i krinsløpet. Humus er det organiske stoffet som jord­organismane ikkje kan gjera seg nytte av, og som er igjen i jorda.

Tilgroing, klimaendringar og periodar med mykje nedbør gjer vasskjeldene våre meir humushaldige. Dette gjer vassbehandlinga meir omfattande og reduserer produksjons­kapasiteten vår, fordi det tek lengre tid å produsere vatnet. Så ironisk nok kan mykje regn gjera at produksjonskapasiteten går ned!


Storavatnet, sett frå Gåslandsneset. Foto: Vegard Røsland.

Sidan 90-tallet har målingane av humus i vatn («fargetall») vist auke i heile landet. Nokre kjelder i Oslo viser tredobling, og hos oss ser me same tendensane. Då vassbehandlingsanlegget i Åreiddalen blei bygd på nittitalet var det rekna med farge­tal­verdiar i vasskjelda på under 20 mg Pt/l. I dag ligg verdiane i alle kjeldene våre på mellom 30 og 40.

Humushaldig vatn har ingen kjente direkte helsemessige konsekvensar, men påvirkar kvaliteten på vatnet på lukt og smak. Me skal levera like godt vatn til deg i framtida, som i dag. Så dersom auken i fargetal held fram enno meir, betyr det meir omfattande reinsing og kanskje me må gjera større justeringar på vassbehandlings­anlegga våre.

Me i BVA jobbar med løysingar som kan effektivisera og forbetra produksjonen av vatn. Difor tek me blant anna i bruk ny og smartare teknologi, og testar ut nye måtar å filtrere vatnet på.