Krav om tilbakeslagssikring

Eigarar av næringseigedomar må ha tilbake­­slags­sikring på vassinntaket sitt. BVA gjennom­fører no ei kartlegging for å få oversikt over kva sikringstiltak dei ulike eigedomane har.


Det finst mange ulike typar og leverandørar av tilbakeslagssikringar. Her er eit eksempel på ein av dei mange som BVA har i sitt nett.

Ein tilbakeslagssikring er ei innretning som hindrar vatnet i å renne ut av huset, i staden for inn. Dette kan skje dersom ein ikkje har sikring og det blir eit trykkfall på det offenlege vassnettet (til dømes ved leidningsbrot).

Kartlegginga til BVA gjer at ein får betre oversikt og er trygg på at næringseigedomane er sikra på rett måte. Mange har fått tilsendt brev frå BVA og det er berre å melde inn kva type sikring ein har. Dersom ein ikkje har sikring installert, vil brevet vera ei god påminning om at dette er pålagt. Det er vedtekne endringar i drikkevassforskrifta som er årsaka til at BVA gjer denne kartlegginga no.

Det er ulike krav til tilbakeslagssikringen, alt etter kva næring ein driv. Meir informasjon og rettleiing er å finna på bva.no/tilbakeslagssikring. Ta kontakt med din lokale røyrleggjar for å få hjelp med vurderingar og installasjon.