Investeringar som sikrar vatn

Fleire vassverk i Norge gjekk tom for vatn i fjor sommar. Det at bømlingane var flinke til å respektere vatnings­forbodet og at vassleidningsnettet er godt vedlikehaldt gjorde at me hadde nok vatn.

BVA har gjort mykje for å få ned lekkasjane på vassnettet, frå ca. 60% i 2010, og no ligg det på ca. 20%. – Me hadde garantert gått tom for vatn om me ikkje hadde utbetra nettet vårt, seier Odd Petter Habbestad, prosjektleiar i BVA.

Kontinuerleg overvaking
I dag ser BVA etter lekkasje ved å kontrollere nattforbruket i om lag 50 ulike soner på Bømlo. For å få enno betre oversikt blir det no installert eit system som gjev kontinuerleg overvaking av forbruket i sonene. Det gjer at BVA enno tidlegare kan oppdaga og utbetra lekkasjar på nettet. Bømlo er saman med Stavanger av dei første kommunane i landet som tek i bruk slik teknologi.

Investeringar og utbetringar
Odd Petter fortel vidare om kva som skjer på plan-, investerings- og vedlikehalds­sida. Det har i det siste vore arbeid i fleire område, og det ligg planar føre om opprustingar i Hollundsdalen, på Ekornseter og strekninga Naustbakken-Serklau. På Vorland blir det lagt opp ny vassforsyning til Hovlandshagen og Vorlandsvågen. Dette gir betre kapasitet og muligheit til å forsyne fleire med vatn. Vassbehandlingsanlegget på Langevåg får eige utslepp, slik at spylevatnet som blir brukt til å reinse vassfiltera, går for seg sjølv. Det gjer at ein slepp å pumpe slikt vatn rundt i avløpsnettet.

Rehabilitering av VA-nettet
I løpet av det siste halvåret har BVA fått utbetra vass- og avløps­nettet i området mellom Bømlo helsehus og Svortland Sør. Det har kome mange nye hus og institusjonar sidan Bømlotunet stod nyoppført i «markja» på Leite i 1975. Utbetringane har gjort vass­tilførselen, og dermed brannberedskapen, betre. I tillegg er avløpsleidningane blitt lagt om, slik at dei no går på sjølvfall. To pumpestasjonar er fjerna og det reduserer løpande driftskostnadar.

Ny teknologi gir nye moglegheiter
– Entreprenøren har brukt ny teknologi og bora hol til avløpsleidningane i fjell seier Steinar Halleraker, kontrollør i BVA. No er avløpet på sjølvfall, og det går i fjellet under fleire hus. – Med å gjera det på denne måten har me fått bort pumpestasjonane og prosjektet blei gjennomført raskare enn om me måtte grava, seier han. Kvar gong me opnar kranen heime, og kvar gong me dreg i snora, så skal det virka. Steinar seier slik skal det vera. Det er ikkje lett å skjøna kvar det kjem i frå eller kvar det går, men BVA har oversikta på det som er under bakkeplan.

Det skal virka – og det skal vera fint
– Me arbeider mykje på andre sine eige­domar, og difor er me opptekne av at det er planert, stelt og fint når me har fullført eit prosjekt, seier Steinar.  Han peiker ut over anleggsområdet der gravemaskinane nett har avslutta gjerninga si. Me skjønar at her blir det eit fint grøntområde når våren kjem.