På grunn av ledningsbrudd i Bømmelhamn, blir vatnet stengt til skaden er utbetra. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. For spørsmål ta kontakt på vakttelefon 53 42 88 45.
Tirsdag 22. januar vil det bli utført arbeid på vassledningane i Siggjarvåg. Dette gjer at nokre av våre kundar vil vera utan vatn frå kl. 0900 til kl. 1500. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er misfarga etter tilkopling kan du spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset. Beklagar ulempene dette kan føre med seg.
Du veit korleis eit kaffifilter ser ut, og du veit kanskje at bilen treng å bytta oljefilter på service. Men kva filter er det som reinsar vatnet vårt? (meir…)
På grunn av arbeid på nettet vert vatnet stengt på Aga og Agasøster idag kl. 11.15 til kl. 15.00. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Ved spørsmål ring tlf: 53428840, eller vakttlf: 53428845.
Fleire vassverk i Norge gjekk tom for vatn i fjor sommar. Det at bømlingane var flinke til å respektere vatningsforbodet og at vassleidningsnettet er godt vedlikehaldt gjorde at me hadde nok vatn. (meir…)
Me er til stades i kontortida og har vakttelefon 53 42 88 45 heile døgeret!
Hei! Me brukar informasjonskapslar ("cookies" på godt nynorsk) for å gje deg ei betre brukaroppleving. Om du held fram med å bruke sida, aksepterer du bruken av desse.Fjern meldingaPersonvern