Beste vatnet i landet?

BVA vant i haust konkurransen om Vestlandets beste drikkevatn. Dette er me stolte av og me gler oss til finalen når det beste drikkevatnet i heile landet skal kårast.

Ei slik utmerking kjem ikkje av seg sjølv. Det ligg mykje hardt arbeid bak og ikkje minst eit tidkrevjande arbeid for å få det resultatet BVA har fått i dag.

Heilt sidan tidleg på 2000-talet har me jobba målretta for at vassreinseanlegga skal fungera optimalt. Då får me produsert meir og meir vatn etter som behova endrar seg, samt ha kontroll på både mengd og kvalitet på vatnet som går i leidningane. I dag, 15 år etter at BVA vart etablert, kan me stolt syne til at me har det beste drikkevatnet på Vestlandet!

Nye krav frå myndigheitene gjer at me stadig må fornya oss når det gjeld kvalitet og tryggleik. Samtidig vil me drifta anlegga på den rimelegaste og mest effektive måten. Me må også fornya oss innan det andre området BVA har ansvar for, avløpet. No er det slik at avløpsleidningane våre ikkje berre leier det som blir spylt ned i vasken og i do, men også regnvatn blir leia i avløpet i enkelte områder.

Vêret er i ferd med å endre seg og me opplever stadig oftare det som blir kalla ekstremvêr. Me ser vatnet kome opp på plassar der det normalt ikkje skal kome opp og ofte kan det gjere skade på bygningar og vegar. Alt regnvatnet belastar avløpsnettet unødvendig og me arbeider no aktivt for å leie dette vatnet bort i form av fornying av leidningsnett, kummer og utslitne pumpestasjonar. Mange plassar er dette eit omfattande og tidkrevjande arbeid som innebære blant anna å finne ut kva- og korleis leidningane går i dag.

Liv, helse og vekst til våre kunder og vår vakre natur er visjonen vår. Like viktig er helse, miljø og tryggleik for dei som arbeider med vatn og avløp og når me skifter ut eller bygger nytt, skal desse punkta ha betydning for kva løysninger som blir valt.

Me i BVA ønskjer deg og dine ei god adventstid og ei fredleg julehøgtid!

Audun Halleraker
Dagleg leiar

Vassmålaravlesning! Trykk her

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close