Oftare rekning, med lågare beløp
Rekninga for vass- og avløpstenester kjem no ein gong i månaden, i staden for ein gong i kvartalet. Det betyr at innbyggjarane på Bømlo får lågare beløp på kvar faktura. Mange vil oppleve det som meir forutsigbart og enklare å forholde seg til. Ingen ekstra kostnad i omlegginga -Det vil ikkje bli noko ekstra kostnad for kundane våre i omlegginga, seier Jorunn A Habbestad, kontorleiar i BVA. Vass- og avløpsgebyret er det kommunestyret som vedtar, og ein kan lese om gebyrsatsane på BVA si heimeside: bva.no/nyttig-info/gebyr. Første rekninga blir sendt ut 31. januar og har forfall 1. mars. Ein kan…