Unngå tett avløp til jul

Me i BVA ønskjer å møta kundane våre og hjelpe dei så godt me kan. Men kva er BVA eigentleg?

Dagleg leiar i BVA – Audun Halleraker

Jo, me har ansvar for alt knytt til drift, vedlikehald og utbygging av offentlege vass- og avløpsanlegg i Bømlo kommune. Det kan hende du lurer på korleis kvaliteten på vatnet ditt er, om du har nok trykk og nok vatn, eller du lurer på kvar vassleidningane går?

Nokre gongar får me spørsmål som gjeld private stikkleidningar. Her kan det vere få opplysningar i våre register, og fysisk arbeid på private stikkleidningar eller fellesleidningar ligg utanom det me har lov til å utføre.

Av og til er karta våre dessverre ufullstendige med kor nøyaktig leidningar er registrert. Ein av grunnane er at BVA har overtatt mange private vassverk der leidningstrasè ikkje var målt inn. Me prøver likevel å hjelpe så godt som me kan.

Me svarer sjølvsagt på spørsmål rundt faktura og registrerte opplysningar om den enkelte eigedom. Er det noko me ikkje kan svare på umiddelbart så sjekker me ut og tar kontakt med deg på ny.

Me har fleire hyggelige medarbeidarar som står klar til å hjelpe deg så godt dei kan.

Så er hausten over oss, kveldane er blitt mørkare og julemarsipanen er komen i forretningane. Nokre er allereie godt i gang med planlegging av julebord og julefeiring og me gler oss over denne tida på året. Både julebord og julehelg inneber god mat og godt selskap.

Men så – kva med julefeittet! No tenkjer me ikkje på julefeittet me må bruke heile vinteren og våren for å bli kvitt, nei me tenkjer på kor me gjer av restane i panna!

Mange, ja faktisk veldig mange, kastar det i vasken eller toalettet. I dei aller fleste tilfella går dette godt for ei stund, men i kalde avløpsleidningar stivnar feittet snart og fester seg i avløpsrøyr og tekniske installasjonar. «Eg skyller det ned med varmt vatn», høyrer me. Ja, det forsvinn, men kor langt?

For å redusere faren for tett avløp eller skade på tekniske installasjonar så får du på nettsidene til BVA fleire tips til korleis du kan kvitte deg med julafeittet.

Ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år!

Audun Halleraker
Dagleg leiar