Er du ein frost-tappar?

Frosttapping er ein gammal metode som ein brukte tidlegare der ein lot vatnet drypa eller renna frå utvendige kranar for å unngå at vatnet fraus. I dag er frosttapping verken lov eller nødvendig. Det går enorme mengder vatn til dette i løpet av vinteren, og det blir kostbart for samfunnet.

Foto: Shutterstock
Frosttapping er verken lov eller lurt – Foto: Shutterstock

Me rår dei som har hus med kjellarar å setta ein vifte/varmovn på låg effekt for å halde litt varme. Dei som har tomme hus/fritidsbustader bør sjekka desse, slik at det ikkje oppstår vasslek­kasjar som følge av frostsprengning. Steng hovudkran og tapp vatn ut av leidningane. Isolér grunne leidningar, anten med isolermatter eller ved å grave på meir jordmasse.