Feittbombe på veg til deg?

 

Det er snart jul og tid for god mat og godt samvær med familie og venner. Men jula er òg høgsesong for å kaste matfeitt i avløpet og det tettar det til.

Matfeitt, anten det er frå ribbe, pinnekjøtt, smultringar, eller ein annan god julerett, forsvinn frå vasken din om du skyl med varmt vatn. Men så størknar det i avløpet! Røyrane blir trongare og trongare, og me vil helst ikkje at det proppar seg heilt opp! Matfeitt og anna bioavfall som blir kasta i vask og i do er svært næringsrik og det er dette som tiltrekker seg rotter i avløpet.

Heldigvis er det svært sjeldan me har opplevd rotter i avløpssystemet på Bømlo. Men me må ofte inn og reinse pumper, avløpsleidningar og byte deler. Det er dyre installasjonar og me vil gjerne spare bømlingane for mest mogleg i vatn- og avløpsgebyr. Derfor går me ut og oppmodar alle: ikkje kast feitt i avløpet!

Avkjøl feittet – kast det i bioavfallet.

For å vise korleis dette fungerer i praksis har me laga denne informasjonsfilmen. Me håpar den på ein lettfatteleg måte viser utfordringane ved å skylje ned feitt i avløpet. God jul!