Det er foreslått reduksjon i gebyr for 2018

Det er foreslått reduksjon i gebyr for 2018

Norsk Vann har kome med ein fersk rapport som viser at inve­steringsbehovet på vass- og avløpsanlegg i Noreg er på over 280 milliardar kroner fram til 2040. Investeringane vil føre til ein årleg auke på 4% i vass- og avløpsgebyr utanom vanleg prisvekst, men det er svært store forskjellar frå kommune til kommune. Årsaka til investeringsbehovet er eit stort etterslep på vedlikehald. - Me har verdas beste drikkevatn i springen, men det har blitt ei sovepute. Kvart år aukar vedlikehaldsetterslepet på vass- og avløpsnettet. I dag går over 30 prosent av vatnet som blir reinsa i vassverka tapt på grunn…
Les meir

Utspyling Hillestveit

Vatnet blir stengt på Hillestveit 27. november frå kl 09.00 til kl 15.00. Det er bustadar i det skraverte området på bilete som blir berørt. Dersom du har spørsmål, ta kontakt med vakta vår på tlf 534 28 845
Les meir

Stenging Løkkevegen

Måndag 27. november vil det bli utført arbeid på vassledning ved Løkkevegen. Dette gjer at nokre av våre kundar vil vera utan vatn frå kl. 12.00 til kl. 14.00. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er misfarga etter tilkopling kan du spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset. Beklagar ulempene dette kan føre med seg.
Les meir

Stenging Leitevegen

Måndag 27. november vil det bli utført arbeid på vassledning ved Leitevegen. Dette gjer at nokre av våre kundar vil vera utan vatn frå kl. 16.00 til kl. 18.00. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er misfarga etter tilkopling kan du spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset. Beklagar ulempene dette kan føre med seg.
Les meir

Utspyling på Vorland

Vatnet blir avstengt på Vorland frå onsdag 22. november kl 22.00 til torsdag 23. november kl 06.00. Deler av vassnettet er trykksett under utspylinga, så det er viktig at det ikkje blir brukt vatn i denne perioden. Det er bustadar i det skraverte området på bilete som blir berørt. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Dersom du har spørsmål, ring vår vakt på tlf 534 28 845.
Les meir

Utspyling på Kallevåg

Vatnet blir avstengt på Kallevåg frå tysdag 21. november kl 22.00 til onsdag 22. november kl 06.00. Deler av vassnettet er trykksett under utspylinga, så det er viktig at det ikkje blir brukt vatn i denne perioden. Det er bustadar i det skraverte området å bilete som blir berørt. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Dersom du har spørsmål, ring vår vakt på tlf 41 44 99 59 / 92 02 80 50.
Les meir
Vakttelefon

Vakttelefon

Viktig melding! Tysdag 21.11 frå klokka 15.30 vil det vanlege vaktnummeret vår ikkje fungera grunna omkobling av fiber. Du kan nå vakta vår på telefon 41 44 99 59 eller 92 02 80 50.
Les meir

Utspyling på Langevåg

Vatnet blir avstengt på Langevåg frå måndag 20. november kl 22.00 til tysdag 21. november kl 06.00. Deler av vassnettet er trykksett under utspylinga, så det er viktig at det ikkje blir brukt vatn i denne perioden. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Dersom du har spørsmål, ring vår vakt på tlf 41 44 99 59 / 92 02 80 50.
Les meir
Kokevarselet i august

Kokevarselet i august

I august måtte BVA senda ut kokevarsel fordi rutinemessige prøvar viste bakteriefunn. Me hadde dialog med mange av kundane på Facebook, og her er nokre av dei gode spørsmåla som vart stilt. (meir…)
Les meir

Stenging Bømmelhamn

Mandag 13. november vil det bli utført arbeid på vassledning i Bømmelhamn. Dette gjer at nokre av våre kundar vil vera utan vatn frå kl. 09.00 til kl. 15.00. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er misfarga etter tilkopling kan du spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset. Beklagar ulempene dette kan føre med seg.  
Les meir