Reisa i avløpsnettet

Reisa i avløpsnettet

Artiklar
[caption id="attachment_1300" align="alignnone" width="1840"] Pumpestasjonen i Brubakken, Innvær. Foto: Vegard Røssland[/caption] Kva skjer i reisa i avløpsnettet? «FRISKT» var med Svein Arild på jobben for å læra om og sjå kva som skjer når kloakken og avløpsvatnet tek til på si reise i det offentlege avløpsnettet på Bømlo. Ute av syne, ute av sinn? Heldigvis slepp me å gå rundt å tenkje så mykje på kva som skjer med kloakken etter den har forlete huset vårt. Det er her Svein Arild Madsen kjem inn med sin kunnskap og kompetanse, for det er han og kollegaene hans på BVA som gjer at me kan frigjera tankane våre til andre, mykje kjekkare syslar. Under overflata Under føtene våre blir det pumpa ei vannvittig mengd avfallsvatn og kloakk i røyr som strekkjer seg…
Les meir
Kva skjer eigentleg når eg dreg i snora?

Kva skjer eigentleg når eg dreg i snora?

Artiklar
Etter eit toalettbesøk dreg me i snora, vaskar hendene og så tenkjer me ikkje noko meir på det. Men kva skjer eigentleg? Og er det likt på Rubbestadneset som i Langevåg og Brandasund? Me har spurt Jarle Andreassen i BVA som er eksperten på dei ulike løysingane som me har her på Bømlo. To system – same prinsipp Det finst i hovudsak to system; offentleg avløpsnett og private løysingar. Om lag 60% er knytt til det offentlege nettet. Sjølv om løysingane er ulike, er prinsippa som ligg bak dei same. Ut av huset Alt vatnet som går ut av huset, enten du har dusja, vaska klede eller drege i snora, går ut gjennom same røyr. Det går frå huset og ut i ein septiktank. Denne er enten privat eller det…
Les meir
Bos i avløpet og naturen

Bos i avløpet og naturen

Artiklar
Tidlegare i år vart det gjort kjent at ein sjeldan kval var stranda på Sotra. Då kvalen vart partert vart det funne store mengder plast i magen på den og ein landsomfattande aksjon vart starta i forhold til å rydde strender for plast og bos. Fokuset har vore stort i ettertid og både lokale eldsjeler og meir sentrale aktørar har foreslått forskjellige idear til korleis ein kan rydde opp plasten i havet. Å rydde ei strand eller ei vik kan vera både oppløftande og nedslåande. Mange stader ligg det lag på lag med plast og anna bos og det er nesten umogleg å få med seg alt. Det er også ein realitet at til neste år ser det nesten like gale ut igjen. På den andre sida er det kjekt…
Les meir
Stenging Kåso

Stenging Kåso

Driftsmelding
Onsdag 6. juli vil det bli utført arbeid på leidningsnettet i Kåso. Dette gjer at nokre av våre abonnentar vil vera utan vatn frå kl. 08.30 til 09.30. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er misfarga etter tilkopling kan du spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset. Beklagar ulempene dette kan føre med seg.  
Les meir
Stenging Vorlandsvegen

Stenging Vorlandsvegen

Driftsmelding
Tirsdag 4.juli vil det bli utført arbeid på leidningsnettet ved Vorlandsvågen. Dette gjer at nokre av våre abonnentar vil vera utan vatn frå kl. 09.00 til 11.00. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er misfarga etter tilkopling kan du spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset. Beklagar ulempene dette kan føre med seg
Les meir