Vasstenging Melkevik

Tysdag 14.mars vil det bli utført arbeid på leidningsnettet ved Straumshaugane. Dette gjer at nokre av våre abonnentar vil vera utan vatn frå kl. 09.00 til 14.00. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er misfarga etter tilkopling kan du spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset. Beklagar ulempene dette kan føre med seg.