Drikk Bømlavatn med glede!

Home / Om BVA / Vatn / Drikk Bømlavatn med glede!
Fint pynta vatn på karaffel og i glas
Fint pynta Bømlavatn på karaffel og i glas hos Opplev Bømlo

Det kan vera fleire tusen gongar dyrare å kjøpa ein liter flaskevatn i butikken, enn å tappa det sjølv frå springen. Nordmenn drikk likevel meir flaskevatn enn nokon gong, og i 2014 supa tørste nordmenn i seg meir enn 92 millionar liter vatn frå flasker!

Liten eller ingen skilnad

Samstundes er norske forskarar einige om at det er lita eller inga kvalitetsmessige skilnadar på flaskevatn og springvatn, og det er ikkje påvist nokon helsemessige skilnader på produkta.
Medan VOSS sine eingongsflasker kan stå i butikkhyllene i to år, er springvatnet aldri eldre enn eit døgn. Passar du på å fylla flaska di kvar dag vil du ha superferskt, godt Bømlavatn du kan nyta med deg!

Blandt verdas beste

Springvatnet i Norge er blant verdas beste, og i følgje folkehelseinstituttet ligg Bømlo kommune signifikant betre an enn landsnivået på god drikkevassforsyning. «Norsk Vann» seier at gjennomsnittsprisen for ein liter drikkevatn er ca. to øre, medan same mengd frå butikkhyllene kan koste mellom 20 og 50 kr.

Spar miljøet!

I tillegg krev produksjon av flasker og tapping mellom 1.100 og 2.000 gongar meir energi enn springvatn. – Så om du vil ha gourmetvatn, spare pengar og miljø er det berre til å gå ut på kjøkkenet og setje flaska under springen!
Vel bekomme.

Kjelde: http://www.dagbladet.no/2015/09/10/nyheter/drikkevann/flaskevann/miljo/forurensning/41037464/