Vatn

Home / Om BVA / Vatn

Kartongar med vatn rundt jorda

BVA produserte i 2016 ein milliard sjuhundreogtretti millionar liter vatn. – Om du fyller vat­net på einliters kartongar og set dei på rekke etter kvaran­dre, vil dei rekke vel tre gongar rundt jorda ved ekvator!

 

Enorme mengder 

Me tar det ofte for gitt, tenkjer at vatn er noko naturen gir oss rikeleg av på våre kantar. Og det er jo rett, for så vidt. Sjølv om det hender at me får med oss nokre restriksjonar, så sparer me sjeldan på det klåre, gode vatnet me kan gleda oss over. Men det kjem ikkje av seg sjølv! BVA leverar årleg 1,7 millionar kubikkmeter vatn til abonnentane, eller 1,7 milliard liter. Om lag 35% av dette går til industrien.

Naturleg råvare

Bømlo Vatn og Avløpsselskap hentar vatnet frå naturen, råvara ligg i nokre av dei flotte idyllane på den vakre øya vår. Det krevst over trehundreogfemti kilom­eter røyr og leidningar for å transportera dette vatnet inn til dei tre produksjon­sanlegga våre og ut til kundane. På produksjonsanlegga blir vatnet reinsa og handtert slik at det gode vatnet me kjen­ner frå springen blir ein realitet. – Så blir det pumpa ut på neste etappe til abon­nentane. Noko av det blir sendt opp til eit av dei 11 høgdebassenga rundt om i kommunen for å gi vatnet nok trykk.

Bømlavatnet er ferskvare med topp kvalitet

Høgdebassenga fungerer også som be­redskapmagasin for brannvatn. Vatnet er ferskvare og er ute hos kundane våre i løpet av 14-35 timar. – Og det er den same, høge kvaliteten anten me drikk det, dusjar i det eller vaskar terassen med det!

Drikkevassforskrifta set strenge krav til korleis kvaliteten skal vera på godt drikkevatn. Vatnet BVA leverer tilfredstiller desse krava, det vert årleg teke kring 1200 prøvar av vatnet rundt om på utvalde stader på leidningsnettet til BVA. Prøvane blir analysert av uavhengig laboratorium for å avdekke even­tuelle feil med vasskvaliteten. Så vatnet du får i springen frå BVA er trygt og godt.