Ofte stilte spørsmål

Home / Nyttig info / Ofte stilte spørsmål

Det kan vera mange spørsmål som dukkar opp i samband med gebyr og faktura. Kanskje finn du svaret nedanfor, om ikkje må du ikkje nøla med å ta kontakt med oss, så skal me svara deg så snart me kan.

Er det same gebyr for fritidsbustad og vanleg bustad?

– I Bømlo kommune er det same storleik på vass- og avløpsgebyret for bustad og fridtidsbustad.

Kvifor er det så dyrt?

– Gebyr for vatn og avløp blir fastsett av politikarane i Bømlo kommunestyre i budsjetthandsaminga kvart år. BVA lagar forslag til årlege gebyr med bakgrunn i drift- og vedlikehaldskostnader og planlagt investering neste år. Årsresultatet til BVA skal i utgangspunktet være 0, dvs at ein verken skal ha overskot eller underskot (sjølvkostsystemet). Om ein har overskot eller underskot er det strenge reglar for korleis resultatet skal førast og eventuelt brukast.

Kor mange gongar i året får eg faktura?

– Faktura for vatn og avløp vert sendt ut fire gongar i året; 20.02, 20.05, 20.08 og 20.11

Kva betyr dei ulike linjene på fakturaen?

Gebyrsystemet i Bømlo er to-delt, ein fast del (abonnement) og ein variabel del. Den faste delen er lik for alle typar bygningar. Denne delen av gebyret skal dekke kostnader som ikkje direkte er avhengig av vassforbruket, medan den variable delen skal dekke direkte drifts- og vedlikehaldskostnader.

Er det mogleg å få e-faktura?

E-faktura opprettar du i eigen nettbank. E-fakturareferansen er ditt femsifra kundenummer.

Er det mogleg å få avtalegiro?

– Avtalegiro opprettar du i eigen nettbank, evt. ta kontakt med din bank.

Er det mogleg å få utsetting?

– Treng du utsetting, ta kontakt med oss på e-post.

Eg har selt ein eigendom, kva skal eg gjera?

– Eigartilhøvet vert oppdatert hos oss så snart eigarskiftet er tinglyst. Faktura vert sendt til den som står registrert som eigar, og faktura må evt. gjerast opp innbyrdes mellom gamal og ny eigar.

Kvifor står det 81kvm på fakturaen?

-81kvm indikerer at arealet på bygget ligg i den mellomste gebyrklassen (81-350kvm).

Arealet på fakturaen stemmer ikkje overeins med det verklege arealet…

– BVA tar utgangspunkt i arealet som står i matrikkelen. Dersom dette arealet ikkje er korrekt må du kontakte Bømlo kommune.

Det er feil namn eller adresse på fakturaen, kva gjer eg?

– Ta kontakt med oss på mail eller telefon slik at me får rette opp i feilen.

Kvifor har eg motteke ein faktura for tilknytingsgebyr?

-BVA sender ut tilknytingsgebyr til søkjar når me har fått oversendt igongsettingsløyve frå Bømlo kommune. Tilknytingsgebyret må betalast før ein startar med grunnarbeidet, men det er mogleg å få ei utsetting dersom ein ikkje skal byrje på prosjektet enda. Søknad om utsetting kan sendast til post@bva.no

Korleis går ein fram dersom ein ynskjer å få vassmålar?

Informasjon om vassmålar finn du her.