Gebyr

Home / Nyttig info / Gebyr

BVA er eit kommunalt aksjeselskap basert på sjølvkostprinsippet.

Difor er det kommunestyret som vedtar gebyra for vatn og avløp. Prosessen for fastsetjing av gebyrnivå er slik: BVA lager forslag til årlege gebyr med bakgrunn i drift- og vedlikehaldskostnader og planlagt investering neste år. Årsresultatet til BVA skal i utgangspunktet være 0, dvs at ein verken skal ha overskot eller underskot (sjølvkostsystemet). Om ein har overskot eller underskot er det strenge reglar for korleis resultatet skal førast og eventuelt brukast.

Når forslag til neste års gebyr er utarbeida blir dette sendt over til kommunestyret i Bømlo som gjer vedtak om bruk. Her kan det komme endringar og føringar til BVA som gjer at spesielt investeringsplanar må reviderast i forhold til det som var planlagt. – Gebyrsystemet i Bømlo er to-delt, ein fast del (abonnement) og ein variabel del. Den faste delen er lik for alle type bygningar. Denne delen av gebyret skal dekke kostnader som ikkje direkte er avhengig av vassforbruket, medan den variable delen skal dekke direkte drifts- og vedlikehaldskostnader.

Faktura for vatn- og avløpstenester vert sendt ut fire gongar i året:

1. termin 01.01 – 31.03, blir sendt ut 20.februar, med forfall 20.03

2. termin 01.04 – 30.06, blir sendt ut 20.mai, med forfall 20.06

3. termin 01.07 – 30.09, blir sendt ut 20.august, med forfall 20.09

4. termin 01.10 – 31.12, blir sendt ut 20 november, med forfall 20.12

Avgifta for vatn og avløp vert årleg bestemt av kommunestyret. Gebyr-regulativet for finn du her.

Fakturaen har ein fast del og ein variabel del. Den faste delen er lik uansett kva type bygg ein har (fritid, naust, industri etc.), den variable delen blir enten berekna etter arealet på bygget eller med vassmålar. Døme på faktura for vatn og avløp for eit bustadhus mellom 81-350kvm finn du her.

Ved arealberekning på bustadhus er arealet delt inn i tre grupper; 0-80kvm, 81-350kvm og over 350kvm

Dersom du har spørsmål rundt din faktura, sjekk ut OSS – Ofte Stilte Spørsmål, eller kontakt BVA på tlf 53 42 88 40 eller e-post.